Workshop med Vegard Tenold Aase: Korleis finne gode historier midt i det som skjer?

Vegard Tenold Aase er journalist, forfattar og dokumentarist frå Bergen, og bur i Brooklyn. Gjennom mange år har han infiltrert det høgreekstreme miljøet i USA, fulgt Trump sin veg mot makta og laga dokumentar om mannosfæren for Vice. Mellom anna. I 2018 kom boka Alt du elsker, skal brenne, og han fekk nyleg Fritt Ord-støtte til eit bokprosjekt der han skal haike gjennom USA på leit etter håp.

Vegard kjem rett frå New York til Epos for å prate om skriving, journalistikk som sakprosa og frilansliv i ei polarisert tid. Han vil fyrst innleie om eige arbeid og arbeidsmetodar: Korleis gjera journalistikk til bøker og verka som journalist i eit ytringsklima som stadig vert trongare? Korleis finne gode historier midt i det som skjer?

Etter innleiing blir det ein samtale med deltakarane ut ifrå innspel og spørsmål. Workshopen er retta mot journalistar og sakprosaforfattarar, og vi oppmodar deltakarane om å ta med idear, problemstillingar eller anna du vil diskutere.

Etter workshopen er alle invitert på Tekstallianse sin sommarfest for skrivefeltet om bord på Epos. Festen startar kl. 18, og vi sørger for enkel mat til alle i pausen mellom workshopen og festen.

15. plassar. Gratis, men påmelding er obligatorisk: Påmelding til workshop

Dato

10 jun 2026
Utløpt!

Tid

16:00 - 17:30

Mer info

Påmelding

Sted

Litteraturbåten Epos
Litteraturbåten Epos

Andre steder

Sted 2

Georgernes Verft 12, 5011 Bergen

Arrangør

Tekstallianse
E-post
kontakt@tekstallianse.org

Andre Arrangører

Litteraturbåten Epos