Tekstlunsj med Simone Stibbe om å drive uavhengig forlag
Ein tysdag i månaden inviterer vi til ein uformell, digital felleslunsj med kollegaer og aktørar i litteraturfeltet frå (heime)kontor og skrivestover i heile landet. Vi startar med ei innleiing om eit aktuelt tema, og opnar deretter for samtale om dette og anna som opptek oss. Vi har sett av ein time, men ein kan delta så lenge det passar i arbeidsdagen.
Gjest denne gongen er Simone Stibbe, som er forlagssjef i Skald forlag, eit av dei sentrale uavhengige forlaga i Noreg. Stibbe kjem frå Halle i Tyskland og er utdanna ved Universitetet i Leipzig med hovudfag i bok- og kulturvitskap og master i norsk litteraturpolitikk.
Skald forlag held til i Leikanger i Sogn og vart skipa for 35 år sida, og i 2025 hadde dei eit av dei beste åra sine. I eit intervju i Sogn avis, seier Stibbe at nøkkelen for Skald har vore å insistere på å vera seg sjølv og gjere noko eige, og «ikkje bli eit B-forlag for dei som ikkje får publisert hjå dei større forlaga». Ho seier også at Leikanger gir henne den avstanden ho treng for å lykkast og trivst med arbeidet.
Vi gler oss til å høyre meir frå kulissane i Skald forlag: Korleis greier Skald det mange andre slit med, nemleg å få hjula til å gå rundt som eit mellomstort uavhengig forlag, utan å gå på kompromiss med ideala om både litterær og handverksmessig kvalitet?
Velkomen til ein inspirerande og nyttig Tekstlunsj!
Lenke til Tekstlunsj: https://us06web.zoom.us/j/83702675463
Arrangementet er ope for alle. Vil du bli medlem i Tekstallianse? Meld deg inn gratis her.
Foto: Oddleiv Apneseth