Tekstlunsj med Kjartan Helleve

Ein tysdag i månaden inviterer vi til ein uformell, digital felleslunsj med kollegaer og aktørar i litteraturfeltet frå kontor og skrivestover i heile landet. Vi startar med ei innleiing om eit aktuelt tema, og opnar deretter for samtale om dette og anna som opptek oss.

For fem år sidan tok Kjartan Helleve steget inn i bokbransjen. Fyrst kjøpte han det meste av lutane i Fonna Forlag, før han i 2024 etablerte han Nynorsk bokhandel i Oslo. Men sjølv kallar han forlaget eit utvida enkeltmannsføretak. For kvar går eigentleg grensa mellom eit heilt vanleg kjøkenbenkforlag og Fonna?

Kjartan Helleve (53), bakgrunn frå Leo Burnett Action og Noregs Mållag. Bur i Oslo. Kjenner Erlend Loe.  

Tekstlunsjen varar i ein time, men du kan delta så lenge det passar i arbeidsdagen.

Arrangementet er ope for alle. Klikk her for å logge på møtet.

Vil du bli medlem i Tekstallianse? Meld deg inn gratis her.

Dato

22 sep 2026
Utløpt!

Tid

12:00 - 13:00

Mer info

Lenke til møtet

Sted

Zoom
Digitalt

Arrangør

Tekstallianse
E-post
kontakt@tekstallianse.org