Tekstlunsj med Helena Bru om Jon Fosse-senteret

Ein tysdag i månaden inviterer vi til ein uformell, digital felleslunsj med kollegaer og aktørar i litteraturfeltet frå kontor og skrivestover i heile landet. Vi startar med ei innleiing om eit aktuelt tema, og opnar deretter for samtale om dette og anna som opptek oss.

Gjest i dag er Helena Bru, dagleg leiar i Fossestiftinga i Strandebarm. Dei er midt i planlegginga og finansieringa av det internasjonale Jon Fosse-senter i Strandebarm, og har sett i gang ein totrinns-arkitektkonkurranse. Før sommaren vart det kjend at dei får 85 millionar til senteret frå sparebankar og Trond Mohn, og no håpar dei på støtte i statsbudsjettet.

Senteret har som mål å bli eit levande internasjonalt senter for dramatikk og litteraturformidling med faglig forankring i regionen og nynorsken. Korleis får dei til dette best mogleg, slik at senteret lykkast med å knyte seg til, og bli ein ressurs for, litteraturmiljøet på Vestlandet?

I tekstlunsjen deler Helena planane så langt dei har kome, og inviterer andre aktørar frå feltet til å tenke høgt og gje innspel.

Tekstlunsjen varar i ein time, men du kan delta så lenge det passar i arbeidsdagen.

Arrangementet er ope for alle. Klikk her for å logge på møtet.

Vil du bli medlem i Tekstallianse? Meld deg inn gratis her.

Dato

25 aug 2026

Tid

12:00 - 13:00

Mer info

Lenke til møtet

Sted

Zoom
Digitalt

Arrangør

Tekstallianse
E-post
kontakt@tekstallianse.org