
Tekstlunsj #37 med Live Havro Bjørnstad

Då Jon Fosse fekk nobelprisen ville alle ta del i feiringa, og løysinga for mange (rundt 1000 stykk!) var å feira ved å melda seg inn i Noregs Mållag. Korleis kom så mange på å gjera det?
Noregs Mållag har sett medlemsrekord mange år på rad, og ifølgje nestleiar Live Havro Bjørnstad elskar dei å jobba med god organisasjonsutvikling. Korleis jobbar ein strategisk for å byggja ein organisasjon med tanke på å oppnå politisk framgang? Og korleis går det eigentleg med nynorsken? Og ikkje minst: Når 1000 folk melder seg inn i mållaget for å feira ein nynorsk nobelpris, burde det ha meir å seia for kor vidt litterære aktørar på Vestlandet medvite er med og fremjar nynorsk skriftkultur?
12. mai er den offisielle nynorskdagen, så dette er eit bra utgangspunkt for diskusjon 13. mai. Velkomen til eit ekte nynorskdag-nachspiel!
Live Havro Bjørnstad er nestleiar og verveinspirator i Noregs Mållag. I tillegg er ho skulebibliotekar og litteraturformidlar. I ein slik kvardag er grensene mellom organisasjonsutvikling og tekstarbeid heilt flytande, der den nynorske skriftkulturen inngår like mykje i vervearbeidet som organisasjonskompetanse er viktig for å byggja opp trygge og lesande vgs-fellesskap.
Foto: Kristianne Marøy
Lenke til Tekstlunsj: https://us06web.zoom.us/j/83702675463
Tekstlunsj – Tekstallianses digitale møteplass
Ein tysdag i månaden inviterer vi til ein uformell, digital felleslunsj med kollegaer og aktørar i litteraturfeltet frå (heime)kontor og skrivestover i heile landet. Vi startar med ei innleiing om eit aktuelt tema, og opnar deretter for samtale om dette eller andre tema deltakarane vil snakke om. Vi har sett av ein time, men ein kan delta så lenge det passar i arbeidsdagen.
Arrangementet er ope for alle. Vil du bli medlem i Tekstallianse? Meld deg inn gratis her.