Tekstlunsj #36 med Marte Pupe Støyva

Kva er skilnaden mellom å lytte til ei lydbok og å lese ho på papir? Lydbøker har blitt meir og meir populære blant norske lesarar, salet av papirbøker går nedover og det kjem stadig nye løysingar for lesing på ulike skjermar. Spørsmålet om kva valet av format har å seie for lesinga vår, har aldri vore meir aktuelt. Kva betyr formatet, og måten vi handterer tekstar på, for leseopplevinga vår?

I denne tekstlunsjen vil leseforskar Marte Pupe Støyva presentere eit djupdykk i aktuell forsking på lesing i ulike format. Basert på både eigne funn og andre aktuelle forskingsprosjekt inviterer ho til refleksjon kring kva rolle sansane våre speler når vi les.

Marte Pupe Støyva er leseforskar og doktorgradsstipendiat ved Nasjonalt lesesenter. Her forskar ho på lesing i høgare utdanning i eit kroppsleg perspektiv med særleg vekt på lesing i ulike format. Ho har bachelorgrad i allmenn litteraturvitskap frå Universitetet i Bergen, mastergrad i nordisk og lesevitskap frå Universitetet i Stavanger og har jobba i fleire år som spesialbibliotekar ved Universitetsbiblioteket i Stavanger, i tillegg til erfaring frå folkebibliotek og bokhandel.

Tekstlunsj – Tekstallianses digitale møteplass

Ein tysdag i månaden inviterer vi til ein uformell, digital felleslunsj med kollegaer og aktørar i litteraturfeltet frå (heime)kontor og skrivestover i heile landet. Vi startar med ei innleiing om eit aktuelt tema, og opnar deretter for samtale om dette eller andre tema deltakarane vil snakke om. Vi har sett av ein time, men ein kan delta så lenge det passar i arbeidsdagen.

Arrangementet er ope for alle. Vil du bli medlem i Tekstallianse? Meld deg inn gratis her.

Foto: Elisabeth Tønnessen

Dato

29 apr 2025

Tid

12:00 - 13:00

Sted

Zoom
Digitalt

Arrangør

Tekstallianse
E-post
kontakt@tekstallianse.org