Tekstlunsj #33 med Sivert Nesbø

Foto: Eirik Brekke

I Tekstlunsj i dag kjem Sivert Nesbø, forfattar og leiar for Skrivekunstakademiet i Bergen. Han vil gje oss eit lite innblikk i kulissane til den kanskje mest segnomspunne og populære forfattarutdanninga i landet.

Korleis arbeider dei med tekst og skriving på SKA, og kva er det mest verdifulle som skjer dette året? I kva grad førebur SKA dei kommande forfattarane på situasjonen dei skal stå i som debutantar og skrivande menneske, og kommunikasjon med forlag og redaktørar? I kva grad tenkjer SKA og studentane på skiftande trendar i bokmarknaden og dei forventningane forlaga har?

Dette og tilstøytande emne vert tema for ein liten lunsjsamtale denne januardagen. Vel møtt!

Tekstlunsj – Tekstallianses digitale møteplass

Ein tysdag i månaden inviterer vi til ein uformell, digital felleslunsj med kollegaer og aktørar i litteraturfeltet frå (heime)kontor og skrivestover i heile landet. Vi startar med ei innleiing om eit aktuelt tema, og opnar deretter for samtale om dette eller andre tema deltakarane vil snakke om. Vi har sett av ein time, men ein kan delta så lenge det passar i arbeidsdagen.

Arrangementet er ope for alle. Vil du bli medlem i Tekstallianse? Meld deg inn gratis her.

Lenke til Tekstlunsj: https://us06web.zoom.us/j/83702675463

Dato

21 jan 2025

Tid

12:00 - 13:00

Sted

Zoom
Digitalt

Arrangør

Tekstallianse
E-post
kontakt@tekstallianse.org