Tekstlunsj #26 med Tora Hope

Foto: David Zadig

“Vi som bur utanfor byane, fortener også ein rik offentleg samtale”

Temaet i dagens Tekstlunsj er forteljekunst, og korleis det ferske Tidsskriftet Jaja – utgjeven av Jakob Sande – senter for forteljekunst – freistar å bidra til ein rik offentleg samtale med rom for det smale og meir langsomme i distrikta. Redaktør Tora Hope er med oss for å snakke om det å ta livet på små plassar på alvor gjennom å skrive frå bygda, ikkje berre om, og om å redigere og utforske mange ulike sjangrar. Og kva grep gjer ho for å halde på rastlause digitale lesarar i lengre tekstar?

Foto: David Zadig

Tekstlunsj – Tekstallianses digitale møteplass

Ein tysdag i månaden inviterer vi til ein uformell, digital felleslunsj med kollegaer og aktørar i litteraturfeltet frå (heime)kontor og skrivestover i heile landet. Vi startar med ei innleiing om eit aktuelt tema, og opnar deretter for samtale om dette eller andre tema deltakarane vil snakke om. Møtet startar kl. 12, og vi har satt av ein time, men ein kan delta så lenge det passar i arbeidsdagen.

Du treng ikkje vere medlem av Tekstallianse for å delta, alle er hjarteleg velkomne.

Lenke til Tekstlunsj: https://us06web.zoom.us/j/84766624571

Dato

14 mai 2024
Utløpt!

Tid

12:00 - 13:00

Sted

Zoom
Digitalt

Arrangør

Tekstallianse
E-post
kontakt@tekstallianse.org