Førdefestivalen: Er kulturen påkopla samtida?
TORSDAG 2. JULI KL. 11.00-11.30
Scene 2, Nynorskhuset
I ein panelsamtale med Sølvi Lien frå Førdefestivalen og Ida Pallin Bostadløkken frå Kapittelfestivalen løftar vi blikket og stiller dei store spørsmåla: Kva samfunnsansvar har kulturlivet i møte med krig, urett og globale kriser? Kvar går grensa mellom solidaritet, aktualitet og kunstnarleg fridom?
Panelet diskuterer spenninga mellom etisk ansvar og kunstnarleg programmering – og om kulturen er tett nok kopla på samtida vi lever i.
Samtalen blir leia av Anne Arnesen Mørch frå Tekstallianse.
Seminarprogrammet samlar forskarar, kunstnarar, politikarar og samfunnsaktørar til kritisk refleksjon og kunnskapsutveksling om kulturen si rolle i arbeidet for å hindre konfliktar, skape fred og utvikle eit demokratisk samfunn.
Fullt seminarprogram finn du her: Seminarprogram 2026: Kultur for fred
Seminaret er gratis, og alle er velkomne!
Foto: Vedvik Foto og studie.abrakadabra/Julie Hrnčířová

