Boknatta: Føredrag om boktrykkjekunst med Simone Stibbe

I år fyller Bokbyen i Fjærland 30 år! Det markerer dei med eit strålande program for Boknatta 20. juni.

Boknatta opnar på ferjekaia i Fjærland kl. 12.00 og varar heilt fram til midnatt. Sjekk ut heile programmet her: Program for Boknatta 20. juni

Programposten vi står for, er eit føredrag om boktrykkekunst med Sogn sin eigen dyktige forleggjar, Simone Stibbe i Skald forlag:

13.30
Boktrykkjekunst og kuriositetar

Føredrag med Simone Stibbe

Skald forlag er kjent for å gi ut berekraftige og vakre kvalitetsbøker. I dette føredraget vil forlagssjef Simone Stibbe dela av kunnskapen sin om bokproduksjon i ein praktisk gjennomgang av innbinding, materiale, trykkjeteknikkar, osb. Publikum blir oppmoda til å ta med eigne bøker å visa fram. Stibbe har valt seg nokre godbitar frå Bokbyens store samling. Mat for Mons! Og alle bokormar.

Stibbe kjem frå Halle i Tyskland og er utdanna ved Universitetet i Leipzig med hovudfag i bok- og kulturvitskap og master i norsk litteraturpolitikk. No leiar ho Skald forlag i Leikanger, eit av dei sentrale uavhengige forlaga i Noreg.

Eit samarbeid mellom Tekstallianse og Bokbyen.

Stad: Epos som ligg til kai i Fjærland
Festivalpass

Festivalpass kjøper du her: Festivalpass

Foto: Oddleiv Apneseth

Dato

20 jun 2026
Utløpt!

Tid

12:00 - 23:00

Sted

Fjærland
Fjærland

Arrangør

Tekstallianse
E-post
kontakt@tekstallianse.org

Andre Arrangører

Den norske bokbyen