Skriveverkstad: Perfekt norsk? Dårleg norsk? Kva om kva du vil seie er viktigare enn korleis du seier det?
Vil du møte andre som skriv og utvikle di stemme på norsk? Har du forteljingar eller erfaringar å dele, men treng råd og inspirasjon for å finne ei litterær stemme i det norske språket? Eller har du tekstar på morsmålet ditt som du ynskjer å få omsett til norsk?

Tekstallianse og Jakob Sande – senter for forteljekunst inviterer til skriveverkstad for deg som har norsk som andrespråk.
Gjennom ei digital og to fysiske samlingar i Fjaler og Førde hausten 2026, møter du andre som skriv. Du får skriveråd og inspirasjon frå fleirspråklege forfattarar, rettleiing på tekstane frå redaktørar, og du får samarbeide med omsetjarar om tekstar på morsmålet ditt.
Gjennom kurset blir du også betre kjent med norsk litterær offentlegheit, og du blir introdusert for tidsskrift, forlag og støtteordningar for skrivande.
Første samling er 13.–14. august hos Jakob Sande – senter for forteljekunst.
Program:
Torsdag 13. august kl. 17–20:
Kl. 17: Fellesmiddag i Løa.
Kl. 18-20: E.V. Crowe: Perfekt norsk? Dårleg norsk? Kva om KVA du vil seie er viktigare enn KORLEIS du seier det?
Kvifor skriv du? Kva er det du vil du seie og kvifor? For å bygge ei litterær stemme, kan det vere nyttig å utforske reiskapane og røysta du allereie har. I det første kurset arbeider deltakarane saman med dramatikar Emma Crowe om å leite etter kva dei vil fortelje, framfor korleis dei vil fortelje det.
Kl. 20: Konsert med Sara Aimée Smiseth i Løa (ikkje del av kurset, men ope for deltakarane).
Neste samling: Fredag 14. august kl. 10-12.
Overnatting i Fjaler for dei som treng det.
Det er gratis å delta, men ein må melde seg på. Send ein kort søknad til anne@tekstallianse.org med nokre setningar om deg sjølv, og kva du ynskjer å få ut av kurset. Skriv også om du har behov for å overnatte i Dale frå 12.-13. august.
Påmeldingsfrist: 1. august.
Om kurshaldaren:
E.V. Crowe er ein prisvinnande dramtikar og manusforfattar som bur i Fjaler. Ho har brei erfaring med ulike sjangrar, og skriv for både teater, film radio, dans og song. Arbeidet hennar er produsert i Noreg, England, Kina, Hong Kong, Australia og New York.
I Fjaler har Crowe teke initiativ til Nynorskveka, der elevar på vaksenopplæringa tek eigarskap til nynorsk gjennom kreativ skriving.
Crowe har master i manusskriving, og har gjennomført og undervist på det anerkjende Royal Court Theatre Young Writers Programme i London. Ho er publisert av Faber, og produsert av The Royal Court Theatre, Royal Shakespeare Company og BBC. I Noreg er ho produsert av NRK og Teaterfestivalen i Fjaler og publisert i Tidsskriftet Jaja.
Andre og tredje samling
I tillegg blir det i løpet av hausten ei digital og ei fysisk samling i Fjaler eller Førde, med andre kurshaldarar. Dato for desse kjem.
Skriveverkstaden vert arrangert av Tekstallianse og Jakob Sande – senter for forteljekunst, og er støtta av Kulturrådet.
Praktisk informasjon
Kurset er både for deg som skriv skjønnlitterært og kreativt, og for deg som skriv sakprosa, journalistikk eller meiningsytringar. Du treng ikkje å ha publisert tekstar før, men du må vere interessert i å skrive.
Samtalane vil gå føre seg på norsk. Du er velkomen også om du er nybyrjar på norsk og vi tilpassar kurset til ulike språkferdigheiter.
Skriverkstaden er gratis. Deltakarane får dekka måltid, reise og overnatting ved behov.
Talet på plassar er avgrensa.