Skriveverkstad: Språk og poesi
Vil du møte andre som skriv og utvikle di stemme på norsk? Har du forteljingar eller erfaringar å dele, men treng råd og inspirasjon for å finne ei litterær stemme i det norske språket? Eller har du tekstar på morsmålet ditt som du ynskjer å få omsett til norsk?

Tekstallianse og Jakob Sande – senter for forteljekunst inviterer til skriveverkstad for deg som har norsk som andrespråk.
Gjennom ei digital og to fysiske samlingar i Fjaler og Førde hausten 2026, møter du andre som skriv. Du får skriveråd og inspirasjon frå fleirspråklege forfattarar, rettleiing på tekstane frå redaktørar, og du får samarbeide med omsetjarar om tekstar på morsmålet ditt.
Gjennom kurset blir du også betre kjent med norsk litterær offentlegheit, og du blir introdusert for tidsskrift, forlag og støtteordningar for skrivande.
Første samling er 13.–14. august hos Jakob Sande – senter for forteljekunst.
Program:
Torsdag 13. august kl. 18-20: E.V. Crowe: Perfekt norsk? Dårleg norsk? Kva om KVA du vil seie er viktigare enn KORLEIS du seier det?
Fredag 14. august kl. 10-12: Sarah Camille Osmundsen: Språk og poesi
Eit kurs der vi utforskar poesi, leik og musikalitet i språket. Deltakarane blir kjende med ulike inngangar til skriving og formidling. Artist og forteljar Sarah skriv på norsk, fransk og creole. Deltakarane vil kunne ta i bruk sin fleirspråklegheit.
Kl. 12: Felleslunsj.
Det er gratis å delta, men ein må melde seg på. Send ein kort søknad til anne@tekstallianse.org med nokre setningar om deg sjølv, og kva du ynskjer å få ut av kurset. Skriv også om du har behov for å overnatte i Dale frå 12.-13. august.
Påmeldingsfrist: 1. august.
Om kurshaldaren:
Sarah Camille Osmundsen er ein norsk prisvinnande artist med eit særeige uttrykk og ei varm utstråling.
Ho er både sangar, tekstforfattar, forteljar og komponist. Osmundsen er fødd i Paris og har vakse opp i Oslo – med røter frå Martinique på mors side og Stavanger på fars side.
Også kunstnerisk flyt Sarah fritt mellom mange verder: I 2011 blei Sarah norgesmeister i slampoesi, og ho har også medverka som forteljar, tekstforfattar og dramatikar i mange scenekunstprosjekt og teaterforestillingar. I 2017 debuterte ho som plateartist og i 2020 fekk ho Spellemannprisen i klassen Barnemusikk for sitt andre album.
Sarah Camille sine tekstar og musikk finn du både leikenheit, rytme og flyt, men òg alvor og melankoli. Musikalsk beveger ho seg mellom jazz, visetradisjon og folk. Tekstane formidler ho både på norsk, fransk og creole.
Andre og tredje samling
I tillegg blir det i løpet av hausten ei digital og ei fysisk samling i Fjaler eller Førde, med andre kurshaldarar. Dato for desse kjem.
Skriveverkstaden vert arrangert av Tekstallianse og Jakob Sande – senter for forteljekunst, og er støtta av Kulturrådet.
Praktisk informasjon
Kurset er både for deg som skriv skjønnlitterært og kreativt, og for deg som skriv sakprosa, journalistikk eller meiningsytringar. Du treng ikkje å ha publisert tekstar før, men du må vere interessert i å skrive.
Samtalane vil gå føre seg på norsk. Du er velkomen også om du er nybyrjar på norsk og vi tilpassar kurset til ulike språkferdigheiter.
Skriverkstaden er gratis. Deltakarane får dekka måltid, reise og overnatting ved behov.
Talet på plassar er avgrensa.