Ruth Lillegraven, eigentleg
«Tilbake til det eigentlege livet», seier skrivaren ein stad midt i Urd, samlinga Ruth Lillegraven fekk Bragepris for i 2013. Ho har nett sett seg i bilen og køyrer mot aust etter sommarveker med vøling av hus på familiegarden, sløying av fisk i regn og samtalar med dei gamle i slekta. Kunsten hermar livet. I dag bur Lillegraven i heimbygda Granvin, og rekkehuset i Bærum er seld.
Dette er andre dagar kom i 2020. Dette er dikt skrivne midt i tjukkaste koronatida, om innskrenkingar og fridom i ei tid då «naturen har forbigåande betre dagar». Igjen melder spørsmålet seg: Kva er det eigentlege livet?
I tillegg til dikta har Ruth Lillegraven skrive barnebøker, teaterstykke og psykologiske thrillerar. Kva er det med drap og brotsverk som dreg både henne og oss? Og kvifor denne sjangerblandinga? Det skal handla litt om dette, men mest om diktsamlingane, om Olav H. Hauge og andre inspirasjonskjelder og om å freista å kle det eigentlege i ord.
Samtaleleiar Arne Olav Hageberg er redaktør i tidsskriftet Bok & bibliotek.
Foto av Ruth Lillegraven: Ann Sissel Holthe