Nettverkstreff under Bergen internasjonale litteraturfestival

Velkommen til nettverkstreff under Bergen internasjonale litteraturfestival, onsdag 7. februar kl. 12:45-15:30
Sted: Litteraturhuset i Bergen, rommet Alver

Seminar kl. 12:45-15:30

12:45: kaffi og hei

13:00-13:45: Geografisk narsissisme, del 2:

Under Litteraturfestivalen på Lillehammer i mai 2023, stod programposten Geografisk narsissisme på programmet: Det litterære Noreg er større enn Oslo, eit faktum som ofte kjem i skuggen av den geografiske konsentrasjonen av forlag og arrangørar. I ei tid med store endringar i feltet, er det viktig å ha blikk for korleis verkelegheita til forfattarar og lesarar med bustad utanfor sentrum vert påverka av fenomenet geografisk narsissisme. Vi fortsett diskusjonen i Bergen. 

Med forfattar og rådsleiar i Kulturrådet Sigmund Løvåsen, dagleg leiar Norsk Forfattersentrum Ingvild Herzog og festivalleiar i SILK Andreas Kallestein.  
Festivalsjef for Bergen internasjonale litteraturfestival, Teresa Grøtan, leiar diskusjonen. 

14:00-14:30: Internasjonalt festivalarbeid med Cherilyn Parsons

Forfattaren Cherilyn Parsons starta og leia Bay Area Book Festival i Berkeley frå 2015 til ho i juni 2023 gav stafettpinnen vidare. Ho er no busett i Paris. Bay Area Book Festival var del av Literature Live Around the World-prosjektet til LitFestBergen i 2021 og 2022. Cherilyn vil fortelle om sine erfaringar frå å starte og drifte ein internasjonal litteraturfestival. 

14:40-15:30: Felles møte med festivalnettverket og litteraturhusene. 

Diskusjon om det som brenn. Leia av Marit Borkenhagen

16:00-17:00: Mottakelse KODE 1/Permanenten

Her får du servert fingermat og drikke, og du vil møte forfattere og andre av festivalens gjester. 

18:00-19:00: Opningsarrangement Litteraturhuset 
Den offisielle opninga av LitFestBergen 2024.

21:00-23:00: Opningsfest Litteraturhuset

Kom og møt dei andre! Fest for alle involverte. Godt i glaset, gode folk, god stemning. 

Påmelding til seminar, mottakelse og åpning på denne linken

Vi har fått avtale med Hotel Zander K, bruk rabattkode 24908 ved bestilling. 

Vi kan også tilby gratis dagspass til torsdag 8. februar. Ta ut pass på denne linken.

 Hugs å kjøpe garantibillett! 

Heile programmet til LitFestBergen kan du sjå her.

Arrangementet er eit samarbeid mellom:

LitFestBergen
Nettverket norske litteraturfestivaler
Tekstallianse
Litteraturhuset i Bergen

Dato

07 feb 2024

Tid

12:45 - 15:30

Sted

Litteraturhuset i Bergen
Østre Skostredet 5-7 5017 Bergen
Nettsted
https://www.litthusbergen.no

Arrangør

Tekstallianse
E-post
kontakt@tekstallianse.org

Andre Arrangører

Litteraturhuset i Bergen
Litfest Bergen
Nettverket norske litteraturfestivaler