
Når røyndom blir litteratur

Brynjulf Jung Tjønn er ein kritikarrost og allsidig forfattar som vaks opp i Feios i Sogn og Fjordane, men som har budd mesteparten av sitt vaksne liv i Oslo. Sidan romandebuten Eg kom for å elske i 2002 har han gitt ut ei rekke romanar og diktsamlingar. I 2023 kom diktsamlinga Kvit, norsk mann som trefte både kritikarane og eit breitt publikum. VGs meldar, Trine Saugstad Hatlen, skreiv «…en knyttneve av en bok (…) noe av det sterkeste jeg har lest», og gav boka terningkast 6.
Irene Kinunda Afriyie var 16 år då ho i 2006 kom som foreldrelaus flyktning frå Kongo til Askøy utanfor Bergen. Ho er ein engasjert samfunnsdebattant og fast gjestekommentator i Bergens Tidende. Ho debuterte som forfattar i 2023 med boka Jeg er fordi du er, der ho gir oss eit skråblikk på nordmenn og integrering i Noreg. For Irene Kinunda Afriyie går integrering begge vegar. «Det handler ikke bare om meg. Det handler ikke bare om deg. Det handler om meg og deg», skriv ho.
Astrid Versto leiar samtalen mellom forfattarane. Arrangementet er eit samarbeid med Førdekonferansen og Rom for ord. Tema for Førdekonferansen 2024 er Røter og føter, og programmet finn du her.
Foto: Maria Kleppe Vihovde / Cappelen Damm og Eivind Senneset / Teft forlag