Lunsjmøte om litterære samtalar med Brit Bildøen
I etterkant av Boknatta litteraturfestival inviterer vi til lunsj på vakre Fjærland fjordstove med den litterære samtalen som tema.
Vi har invitert forfattar Brit Bildøen til å dele sine betraktningar om denne intervju-situasjonen. Kva kjenneteiknar samtalar som fungerer godt?
I arbeidet med å bygge opp gode litterære program i distrikta trengst fleire som kan tenkje seg å leie slike samtalar. Janne Karin Støylen er kunstnarleg leiar for Rom for ord og regional prosjektmedarbeider i Tekstallianse. Ho vil vere vertskap for lunsj-møtet og inviterer deltakarane til å dele erfaringar kring gode og mindre gode samtalar ein har deltatt i. Vi legg opp til eit uformelt møte der vi kan bli betre kjende og styrke miljøet for å rekruttere fleire moderatorar av litterære samtalar i vår del av fylket.
Stad: Fjærland fjordstove
Tid: Søndag 29. mai kl 13