Leselyst for vaksne

Debatt med kulturministeren i samarbeid med Tekstallianse.

I årevis har vi høyrd det: Dramatisk nedgang i lesing, born og unge les mindre og dårlegare, og konsentrasjonsevnene våre er på bærtur.Mange i litteraturverda har difor sett fram til at regjeringa skulle legge fram ein ny strategi for å sikre leselyst hos barn, unge og vaksne. 

Litteraturfeltet hadde store forventningar til strategien, men då han kom i vår, vart mange skuffa. Det handla så godt som utelukkande om barn og unge, om skulebibliotek og om trykte skulebøker. For all del – dette er vel og bra. Men kva med leselyst for vaksne? Kva med festivalane, litteraturhusa, lesesirklane, forfattarane, bøkene? Kvifor er ikkje dei ein del av strategien? På vegne av mange vil regionale litteraturaktørar på Vestlandet gje sine innpel til kulturministeren.

Forfattar Marit Eikemo og forleggar Eirik Bø har i årevis arrangert festivalar, etablert litteraturhus, og verka i litteraturen si teneste. Dei møter kulturminister Lubna Jaffery til debatt om den norske leselysta. Samtalen vert leia av Trude Storheim.

Samtalen er ein del av Litteratursymposiet i Odda, som vert arrangert 3.-6. oktober 2024. Heile programmet finn du på www.litteratursymposiet.no.

Dato

05 okt 2024
Utløpt!

Tid

13:00 - 14:00

Mer info

Billettar

Sted

Sentralbadet litteraturhus
Sentralbadet litteraturhus

Arrangør

Tekstallianse
E-post
kontakt@tekstallianse.org