Lesegruppe: HARMONIEN

Velkommen til lesegruppa HARMONIEN! 

Kl. 17.30-19.00

27. oktober. Cornerteateret, Tivoli (Hartmut Rosa)

7. desember. Tekstallmenningen (Virginia Woolf)

Tema er arbeid+kjærleik. 

I lesegruppa sin fyrste del no i haust, skal me lese, tenke og snakke om arbeidet sine byrder og gleder – kva er meiningsfyllt arbeid og korleis vurderer me det? Kva gjer tidsmangel, keisemd og byråkratiet med oss? Og kva er ikkje-arbeid, den gode fritida? 

Me les filosofi, teori og essaystikk på førehand og saman over to treff: 

– Hartmut Rosa. «Resonansbegrepet, dynamisk stabilisering og tilgjengelighetstilnærmingen til det gode liv».

– Virginia Woolf: A room of ones own.

– I tillegg kjem korte utdrag og smakebitar ein ikkje treng å lese på førehand.

Gruppa er open for scenekunstnarar, litteratar, musikarar, kunstnarar og andre som har interesse i det å tenke saman.

HARMONIEN er initiert og fasilitert av Proscen v/Berit Einemo Frøysland i samarbeid med Anne Arnesen Mørch i Tekstallianse.

Send e-post berit@proscen.no for å melde deg på og få tekstar.

Dato

27 okt 2026
Utløpt!

Tid

17:30 - 19:00

Sted

Cornerteateret
Cornerteateret

Arrangør

Proscen

Andre Arrangører

Tekstallianse
E-post
kontakt@tekstallianse.org