Kurs i samtaleleiing på Kobbasteinen kulturgard

I samarbeid med Tekstallianse og biblioteka i Ryfylke (Sauda, Suldal, Hjelmeland og Strand) arrangerer me eit samtaleleiar-kurs med låge skuldrar som passar for både erfarne og nybegynnar.

Kurset vil vera praktisk orientert og vil fokusera på å samtala med forfattarar, og leia panel og debattar. Alle som kunne tenkja seg å leia ein samtale frå scenen, eller utvikle ny kompetanse, er velkomne.

Kurset bli leia av Brita Strand Rangnes frå Universitetet i Stavanger. Rangnes er litteraturvitar og har lang erfaring som samtaleleiar frå festivalar og arrangement både nasjonalt og lokalt. Kurset er gratis, men kaffi og kake kr. 60,-

Dato

23 mai 2025

Tid

17:30 - 19:30

Sted

Kobbasteinen kulturgard
Kobbasteinen 7, 4130 Hjelmeland

Arrangør

Tekstallianse
E-post
kontakt@tekstallianse.org

Andre Arrangører

Kobbasteinen kulturgard
Biblioteka i Ryfylke