
Kurs i å leie litterære samtalar
Jens Kihl er forfattar og kommentator i Bergens Tidende. Han er også leiar i Bergen Journalistlag, har vore ansvarleg for serien Redaksjonsmøtet på Litteraturhuset i Bergen og er fast programleiar i podcasten «Nokon må gå». For Tekstallianse leia han i vår ein samtale om Bokmessa i Frankfurt som blei vår første nasjonale radiosending i NRK P2.
Tekstallianse har i samarbeid med Jakob Sande-senteret invitert Jens Kihl til Fjaler for å innleie om sine metodar for førebuing og gjennomføring av samtalar og debattar. Vi ynskjer at deltakarane har erfaring frå scenesamtalar og/eller podcast. Det vert lagt opp til erfaringsutveksling.
Kurset har plass til åtte deltakarar.
Påmelding til kontakt@tekstallianse.org
Foto: Bård Bøe, Samlaget