Kan vi snakke om kvalitet?
Vigdis Hjorth og Frode Helmich Pedersen møter Elise Winterthun.
Er det lov å snakke om kvalitet som noko anna enn berre ulik smak?
I ei tid der estetiske domsavseiingar nærmast vert sett på som elitistiske brotsverk, er kvalitetsomgrepet og institusjonar som forheld seg til det, under sterkt press. Kritikaren sin autoritet vert utfordra av algoritmar og eit slags demokratisk pøbelvelde. Forfatterforeningen sine opptakskrav vert mistenkjeleggjorde som utestenging og snobberi, og trass alt, er det ikkje viktigast at folk les, same kva, eller skal ein bry seg om kva som vert lese også? Er diskusjonen om kvalitet med på å fremje eller drepe leselyst?
Vi spør forfattaren Vigdis Hjorth og professoren Frode Helmich Pedersen, leia av kritikaren Elise Winterthun, om kvalitetsomgrepet står for fall, og om det er verdt å redde.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Tekstallianse og Litteratursymposiet. Sjå heile det fantastiske festivalprogrammet her: https://www.litteratursymposiet.no/heim