Jubel og raseri – om drivkrafta i det skrivande livet

– Eg har det alltid bra når eg skriv, seier forfattar og omsetjar Hilde Rød-Larsen. For meg er det å skrive ein måte å ta kontroll på og den miksen er det beste eg kan tenke meg. Eg lever eit veldig lukkeleg, om ikkje så lukrativt liv, i lag med litteraturen, utdjupar ho og forklarar at omsettingsarbeidet er ein stad å finne vegar vidare, om ho står fast i sitt eige skjønnlitterære arbeid.
Gleda over livet som dedikert, ja nærast desperat lesar, har vore der heilt sidan barndommen: – Den indre jubelen som kan oppstå som følgje av å dele ei leseoppleving, kan etter mi erfaring ikkje overvurderast Den kan ha konsekvensar langt inn i dei verkelege liva våre. Når eg les og omset Elizabeth Strout sine bøker får eg ofte kjensla av eit slikt nærver, som om ei anna sjel stryk forbi.
Hilde Rød-Larsen er denne hausten aktuell med den andre boka i Pantalone-triologien: I hvalens buk. – Eg prøver å vise respekt og interesse for kor dramatisk det er å leve eit heilt alminneleg liv, samstundes som eg ynskjer å drive ei form for indirekte maktkritikk på samfunnsnivå, forklarar forfattaren.
For sjølv om det skrivande livet er bra og vekslinga mellom omsetting og eige skjønnlitterært arbeid fungerer godt, er det med eit glødande raseri ho tek ordet og har ordet i si makt i denne triologien.
Velkommen til eit nært og personleg møte med Hilde Rød-Larsen i samtale om drivkrafta i det skrivande livet med tidlegare redaktør i Mangschou forlag og nytilsett dagleg leiar i Preform, Evy Kjøsnes Singstad.
Samtalen er eit samarbeid mellom Tekstallianse og Rom for ord.