I eigne hender: Jørn H. Sværen og Andreas Vermehren Holm

Handverk, tradisjon, aksjon og ansvar.

Jørn H. Sværen og Andreas Vermehren Holm er begge sentrale aktørar i den skandinaviske poesiens alternative krinslaup. På Litteraturhuset denne ettermiddagen vil dei gje ei innføring i dei ulike ledda i arbeidet med å publisere og distribuere bøker utanfor dei store forlaga. Korleis ta litteraturen i eigne hender?

Andreas Vermehren Holm er forfattar, omsetjar og forleggjar for Forlaget Virkelig. Han har oversett mellom andre Jørn H. Sværen, Tomas Espedal, Monica Aasprong, Jen Bervin og Marie Silkeberg til dansk. 2017 gav han ut Kimene og Det åpne værs poetik, begge på Catalyst Press.

Jørn H. Sværen er forfattar, forleggjar, omsetjar og musikar. Han dreiv forlaget H Press i perioden 2002—2009, og har gitt ut eigne bøker på England Forlag sidan 2007. Han har oversett bl.a. Claude Royet-Journoud, Emmanuel Hocquard, Mei-mei Berssenbrugge og Keith Waldrop til norsk. Sværen er også redaktør for den årlige poesiantologien Den engelske kanal, utgitt av Kolon Forlag sidan 2013.

Arrangementet er ein del av programrekka For–. Les meir på www.litthusbergen.no.

Det blir boksalg og signering etter arrangementet.

Gratis

Dato

28 feb 2019
Utløpt!

Tid

14:00 - 16:00

Sted

Litteraturhuset i Bergen
Østre Skostredet 5-7 5017 Bergen
Nettsted
https://www.litthusbergen.no