Gode spørsmål, betre svar
I samarbeid med Nynorsk avissenter inviterer Tekstallianse og Rom for ord til samtale og refleksjon om intervjuteknikk og portrettintervjuet som sjanger for elevar, journalistar og andre skrivande.
I møte med journalist Erlend Blaalid Oldeide i NRK vil forfattar Brynjulf Jung Tjønn reflektere over responsen han har fått på diktsamlinga Kvit, norsk mann. Diktsamlinga som kom ut i august i fjor er ute i sitt fjerde opplag, og førre veka kom meldinga om nominasjon til både Kritikarprisen og Ungdommens kritikarpris.
I intervju, scenesamtalar, portrett og podcasts har forfattaren svart på tallause spørsmål om boka si. Korleis ser han tilbake på alle desse intervjua, alle samtalane og all merksemda i media, med tanka på dei spørsmåla han har fått og dei svara han har gitt? Kva kjenneteiknar eit godt spørsmål? Korleis kan ein best førebu seg til ein slik samtale? Kva oppfølging er det bra å legge opp til, i etterkant? Kva kvalitetar finst i desse dikta, korleis kan vi forstå denne suksessen?
I ei hyggeleg ramme i avisa Firda sine lokale på Øyrane vil deltakarane få høve til å stille spørsmål og dele erfaringar.
Vi byr på litt å bite i, og ber om påmelding til kontakt@tekstallianse.org