God tekst om musikk på Førdefestivalen

Verda kjem til Førde, på scenene står artistar som er ukjende for mange av oss. Å formidle tradisjonsmusikk frå ulike verdshjørne har vore Førdefestivalen sitt varemerke så lenge at mange sunnfjordingar meiner internasjonal folkemusikk er blitt ein del av deira kulturelle DNA.

Musikk er viktig for dei fleste menneske. Men korleis kan vi skrive om noko alle opplever så ulikt og individuelt? Korleis kan du skilje mellom kvalitet og smak og behag? Korleis gjev du plass til di eiga stemme og di eiga oppleving på ein måte som formidlar noko vesentleg om musikken? Kva klisjear bør du droppe og kva for informasjon bør du få fram? Korleis gjer du teksten din relevant for lesaren?

Audun Stokke Hole leier denne workshopen for skribentar, kritikarar og journalistar. Han er redaktør i bladet Folkemusikk, og har mange års erfaring som musikkjournalist og -kritikar. I samarbeid med Førdefestivalen inviterer Tekstallianse til innleiing og erfaringsutveksling på Sunnfjord kulturskule i etterkant Førdekonferansen torsdag 6. juli kl 17-19.  Deltakarane blir også inviterte til opningskonsert i idrettshallen i Førdehuset kl 19.30

Gratis deltaking. Påmelding til kontakt@tekstallianse.org

Temaet for årets festival er «Musikk i kriser». Heile programmet finn du på www.fordefestivalen.no

Dato

07 jul 2022
Utløpt!

Tid

17:00 - 19:00

Sted

Sunnfjord kulturskule
Sunnfjord kulturskule