Frå spire til blom: Samtale med Jeaninne Masika Harrysson
Frå ho byrja i TekstLab Unge Stemmer i 2014 har Jeaninne Masika Harrysson utvikla eit særeige poetisk språk som kviler på den rike arven ho ber med seg, både frå tshiluba, swahili, persisk, engelsk og fransk, men også frå norsk, både bokmål og nynorsk. Som poet og scenekunstnar står ho fram med eit særpreg i formidlinga si som samstundes minner oss alle om kvar vi høyrer heime.
Jeaninne Masika Harrysson syner oss eit ungt kunstnarskap i bløming. Stemma hennar har fått vekse fram i eit jordsmonn som har gitt grobotn for at det spirande talentet kunne få utvikle seg. Sidan 2017 har ho vore engasjert i Den mangfaldige scenen i Oslo. I denne samtalen møter ho sin mentor Liv Hege Skagestad i ein samtale om korleis dei saman fann lys og næring til kunstnarskapet i det komplekse, kulturelle økosystemet vårt.