
Nynorsk framsnakk i Klokkargarden

Velkomen til ei feiring av nokre av dei ypparste bøkene og tidsskrifta som har kome på nynorsk det siste året, og ein kveld med musikk og forteljing i løa.
Under Sandeseminaret 2025 inviterer Tekstallianse og Jakob Sande – senter for forteljekunst til kveldsprogram i Løa.
Kl. 19: NYNORSK FRAMSNAKK
Lurer du på kva du skal lese dei komande månadane?
Nynorsk framsnakk er tredje utgåve av Tekstallianse sin serie med bokråd for tidsskrift og småforlag, som skal lyfte fram skattar frå det store mangfaldet av utgjevingar frå uavhengige forlag og tidsskrift som kjem i norske bokhandlar og bibliotek kvart år.
Vi har invitert eit topp-lag av formidlarar og skrivande til å fortelje om to utgjevingar dei held høgt:
Sivert Nesbø, forfattar og leiar for Skrivekunstakademiet i Bergen
Maria Pile Svåsand, dagleg leiar for Litteraturbåten Epos
Eli Fossdal Vaage, poet, forfattar og skrivelærar ved Skrivekunstakademiet i Bergen
Programleiar er Anne Arnesen Mørch, dagleg leiar i Tekstallianse.
Kl. 20: Kva les ungdom? Ein kveldsprat // Med Simone Stibbe frå SKALD forlag og Aven og Ernst frå United World College. Samtalen er leia av Heidi Bøhagen frå Den norske bokbyen.
MUSIKK OG FORTELJING
Kåre Sandvik og Lone Indrebø Lægreid speler Jakob Sande.
Elevar frå United World College har innslag og mikrofonen er open for deg som vil fortelje, lese eller synge.
Open bar.
Gratis inngang. Inga påmelding.