
Førdekonferansen 2025: Språk i spel

Også i år bidreg Tekstallianse med eit litteraturinnslag til Førdekonferansen, som vert arrangert 3. juli på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa. Temaet er Språk i spel.
Kulturkonferansen i Førde samlar kunstnarar, akademikarar og språkentusiastar til ei utforsking av språkets kraft og moglegheiter. Med røyster frå inn- og utland løftar vi blikket og ser på korleis språk kan vere ein kulturell berebjelke og ei bru mellom menneske.
Saman med Førdekonferansen har vi invitert Anna Kleiva og Ingrid Z. Aanestad til å fortelje om det eineståande dugnadsarbeid dei sjølv og ei rekkje norske poetar og gjendiktarar sto for, til støtte for palestinske forfattarkollegaer, då dei ga ut Tunga mi protesterer mot døden i 2024. Boka er ei samling av både samtids- og eldre poesi frå Palestina, og alt overskotet frå salet går til den humanitære organisasjonen NORWAC sitt arbeid på Gaza. Under Førdekonferansen vil Anna Kleiva og Ingrid Z. Aanestad fortelje om palestinsk poesi, dette unike gjendiktingsprosjektet og lese frå boka.