Førdefestivalen: Kunstnarskap i eksil

-På avstand såg eg endå tydelegare kor grusomt det var. Poeten Selma M. Yonus fekk asyl som gjesteforfattar i Stavanger i 2009. Fem år seinare to IS kontroll over heimbyen Mosul. Dag og natt fylgde ho nyheitene, sørga og skreiv dikta som er samla i «Voggesang for liten kriger».

Å vere kunstnar i eksil er ei erfaring ho deler med Aida Nosrat frå Iran. Som musikar fekk ho si utdanning ved universitet i Teheran, men strenge islamske lover gjorde det umuleg å bli verande. Sidan 2016 har ho budd i Paris, der ho held fast på utforskinga av den persiske tradisjonsmusikken.

Korleis påverkar eksilet kunstnaren og kunstnarskapet? Samtalen vert leia av Hilde Hagerup, forfattar og tidlegare styremedlem i Norske PEN.

Heile programmet og påmelding her: https://www.fordefestivalen.no/frdekonferansen-2022

Dato

07 jul 2022
Utløpt!

Tid

11:55 - 12:35

Sted

Scandic Sunnfjord Hotel & Spa
Scandic Sunnfjord Hotel & Spa