Førdefestivalen: Katrine Sele møter Rima Iraki

Vi inviterer til boksamtale med Rima Iraki, som er aktuell med boka Flukten fra Palestina. Samtalen blir leia av journalist og forfattar Katrine Sele.

Bestefaren til Rima flykta frå Palestina i 1948. Foreldra hennar flykta vidare. Sjølv er Rima Iraki fødd i Aust-Berlin, som tredje generasjon på flukt. Dei sa alltid at dei skulle heim att til Palestina. Dei skulle berre vere borte i nokre veker, til det vart trygt. Flukta, alle dei nye landa – alt var mellombels. Over eit halvt hundreår seinare verkar det mindre sannsynleg enn nokon gong at Rima Iraki sin familie skal kunne vende heim. 

Som programleiar i Dagsrevyen og Urix rapporterte Iraki i mange år om krig, konflikt og flyktningstraumar. No fortel ho for første gong si eiga sterke familiehistorie. Boka syner krigens konsekvensar gjennom tre generasjonar, og tek oss tett på dei menneskelege kostnadene av storpolitikken. det handlar om oppbrot, om stadig å måtte slå nye røter, og om håp, motstandskraft og identitet.

Arrangementet er et samarbeid mellom Førdefestivalen, Førde bibliotek og Tekstallianse.

Dato

03 jul 2026

Tid

14:00 - 14:30

Sted

Førde bibliotek i Sunnfjord
Angedalsvegen 5, Førde
Nettsted
http://sunnnfjordbibliotek.no

Arrangør

Førdefestivalen

Andre Arrangører

Tekstallianse
E-post
kontakt@tekstallianse.org