Førde: Skriveverkstad for nye stemmer

Vil du møte andre som skriv og utvikle di stemme på norsk? Har du forteljingar eller erfaringar å dele, men treng råd og inspirasjon for å finne ei litterær stemme i det norske språket? Bli med på gratis skriveverkstad for deltakarar som ikkje har norsk som morsmål.

Gjennom fleire samlingar i haust, får du møte andre som er interessert i skriving. Du får skriveråd og inspirasjon frå fleirspråklege forfattarar, rettleiing på tekstane frå redaktørar, og du får samarbeide med omsetjarar om tekstar på morsmålet ditt. I løpet av kurset blir du også betre kjent med norsk litterær offentlegheit, og du blir introdusert for tidsskrift, forlag og støtteordningar for skrivande.

Skrivekurs 19.-20. november i Førde med Peter F. Strassegger

Tid: Tors 19. nov kl. 1630-1830, Fre 20. nov. kl. 09-12. Stad: Førde sentrum, detaljar kjem

Skjønnlitterært skrivekurs der du vil lære deg å bruke fleirspråklegheita som ressurs.

I dette skrivekurset vil Strassegger fokusere på hvordan du kan bruke morsmålet ditt og den språkleg bevisstheita di til å finne dei rette – og kanskje nye – måtane å uttrykke deg på i norsk språkdrakt.

Han vil også dele av erfaringane rundt korleis det er å arbeide som forfattar, og korleis han arbeider med lengre skjønnlitterære manus over tid.

Forfattar Peter F. Strassegger har vakse opp med norsk som andrespråk, men har som vaksen lært seg å bruke det som litterært førstespråk. Han vil fortelje om fridomen som ligg i det å skrive på et anna språk, og gi råd og kreative skriveøvingar undervegs, slik at deltakarane får prøve seg på å uttrykke seg skjønnlitterært på norsk.

Fyrste samling i kurset vart arrangert i Fjaler i august 2026, men du treng ikkje å ha vore med på fyrste samling for å melda deg på her.

Kurset er gratis, og enkel bevertning er inkludert. Reise og overnatting blir dekka for dei som har lang reiseveg.

Vi gler oss til å møte nye deltakarar!

Vil du melde deg på? Send ein kort søknad til anne@tekstallianse.org med nokre setningar om deg sjølv, og kva du ynskjer å få ut av kurset innan 1. november.

Arr.: Tekstallianse og Jakob Sande – senter for forteljekunst. Kurset er støtta av Kulturrådet.

Dato

19 - 20 nov 2026

Tid

16:30 - 13:00

Sted

TBA

Arrangør

Tekstallianse
E-post
kontakt@tekstallianse.org

Andre Arrangører

Jakob Sande-senter for forteljekunst
Jakob Sande-senter for forteljekunst