Førde: Kurs i samtaleleiing med Sandra Lillebø
Tid/stad: Tirsdag 2. september kl. 13–15 på Førde bibliotek, i samarbeid med Sunnfjord bibliotek.

Sandra Lillebø er forfattar av kritikarroste romanar og diktsamlingar, frilansjournalist og røynd samtaleleiar. I dette kurset vil ho dele dei beste råda ho har for korleis ein får til ein levande samtale som er interessant både for publikum og for dei som sit på scena.
Ho vil gå gjennom førebuingar og alt ein skal tenke på før ein seier ja til eit oppdrag, korleis ein bør gå fram i den første kontakten med forfattaren, intervjuteknikk og førebuing av spørsmål.
I tillegg vil ho ta føre seg sjølve gjennomføringa: Alt ifrå antrekk til bruk av manus, innleiing og avslutning på samtalen, og oppfølging av spørsmål fra salen – og kva ein skal gjere om alt går skeis. Det vert rikelig med tid til spørsmål og innspel.
Opplegget er retta både mot dei som har erfaring som samtaleleiar, dei som ønsker å utvikle kompetansen for å kunne ta denne typen oppdrag, og er også relevant for journalistar.
Kurset er gratis. Det er avgrensa med plassar, send påmelding til anne@tekstallianse.org
NB! Kurset er fullteikna, men send gjerne ein e-post om du vil stå på venteliste.
Seinare samme dag på Førde bibliotek kan du høyre Lillebø intervju den svenske forfattaren Tina Harnesk på Førde bibliotek.

FOLK SOM SÅR I SNØ – Forfattarsamtale med Tina Harnesk
-Det var slik dei hugsa. Det var slik eit folk utan ord på papir sette
sine spor, i ei jord dei streva for å få ta vare på. Slik forklarar Tina
Harnesk den munnlege, samiske forteljartradisjonen som pregar
slektskrøniken Folk som sår i snø:
Ingen skal komme og fortelje 85-årige Máriddja at ho skal døy. Og det er i alle fall ingen som skal fortelje det til ektemannen Biera. Den
einaste hun betrur seg til, er Siri, den hjelpsame dama i
mobiltelefonen.
Frå fjellet utanfor Arvidsjaur der ho bu bur har den lulesamiske
forfattaren skapt eit uforgløymeleg og fargerikt persongalleri i ei
historie som fløymer over av myter og anekdotar som ein hyllest til den
munnlege forteljekunsten. Bak den sorgmuntre forteljinga finst eit alvor
som syner at respekten og ansvaret for naturen, snøen, dyra og dei
tradisjonelle levemåtane kan setje oss på sporet av eit betre tilvere: Å
vere knytt til eit landskap er ein rikdom.
Folk som sår i snø vart kåra til årets bok i Sverige i 2023. Møt Tina
Harnesk i samtale med forfattar-kollega Sandra Lillebø på Førde
bibliotek tysdag 2. november kl 19.
Arrangementet er gratis og i regi av Rom for ord og Sunnfjord bibliotek.