Den gode samtalen: Kurs i å leie scenesamtalar

Helga Flatland og Mikkel Bugge er mellom våre mest omtykte forfattarar. Begge er dei også mellom våre mest etterspurte gjester i litterære samtalar, ho oftast som forfattar, han oftast som moderator. I dette kurset vil dei dele både gode og mindre gode erfaringar frå slike samtalar og gi tips til korleis ein kan lykkast i sjangeren.

Kurset vil vere i tre delar. Første del er ein samtale med Mikkel og Helga om deira erfaringar med bokbad, forfattarmøter og kunstnarsamtalar. Dei vil mellom anna snakke om korleis ein førebur seg, kva som er gode spørsmål og korleis ein strukturerer ein tematisk samtale frå introduksjon til avrunding. Deretter opnar dei for spørsmål før dei blir ei pause. Del to er ein workshop der kursleiarane og deltakarane prøver ut dei metodane som har blitt presentert i del ein. Deltakarane testar mellom anna ut introduksjonar, korleis ein kan halde samtalen på rett spor og korleis ein kan avslutte. I tredje og siste bolk vert kurset oppsummert.

Arrangementet har avgrensa med plassar, send påmelding til janne.karin@tekstallianse.org

Tid/stad

Nynorskhuset
Torsdag 19.10 kl.13-16
I samarbeid med Teater Vestland i Nynorskhuset

Foto: Agnete Brun (Helga FLatland), Fartein Rudjord (Mikkel Bugge)

Dato

19 okt 2023
Utløpt!

Tid

13:00 - 16:00

Arrangør

Tekstallianse
E-post
kontakt@tekstallianse.org