Dale: Kurs i å leie litterære samtalar med Helga Flatland og Mikkel Bugge

Tid/stad:
Jakob Sande senter for forteljekunst
Tirsdag 17. oktober kl 13-16
I samarbeid med Jakob Sande senter for forteljekunst og Fjaler bibliotek

Helga Flatland vert rekna som ein av våre fremste unge, norske forfattarar. Ho når eit stort lesande publikum med måtane ho skildrar menneskelege prosessar som tilknyting og brot, sorg og lengsel, og har delteke i ei rekke samtalar og forfattarmøte om slike tema. Saman med Mikkel Bugge vil ho dele erfaringar frå slike samtalar og gi tips til korleis ein kan lykkast i sjangeren. Mikkel Bugge er forfattar, dramatikar og ein svært omtykt og etterspurt moderator for litterære scenesamtalar.

Kurset vil vere i tre delar. Første del er ein samtale med Mikkel og Helga om deira erfaringar med bokbad, forfattarmøter og litterære samtalar. Dei vil mellom anna snakke om korleis ein førebur seg, kva som er gode spørsmål og korleis ein strukturerer ein tematisk samtale frå introduksjon til avrunding. Deretter opnar dei for spørsmål før dei blir ei pause. Del to er ein workshop der kursleiarane og deltakarane prøver ut dei metodane som har blitt presentert i del ein. Deltakarane testar mellom anna ut introduksjonar, korleis ein kan halde samtalen på rett spor og korleis ein kan avslutte. I tredje og siste bolk vert kurset oppsummert.

Arrangementet har avgrensa med plassar, send påmelding til janne.karin@tekstallianse.org

Foto: Agnete Brun (Helga Flatland), Fartein Rudjord (Mikkel Bugge)

Dato

17 okt 2023
Utløpt!

Tid

13:00 - 16:00

Sted

Jakob Sande - senter for forteljekunst
Nikka Vonens veg 31 - 35, Dale i Sunnfjord

Arrangør

Tekstallianse
E-post
kontakt@tekstallianse.org