Burgarlunsj #21 med Jeff Pedersen
Tekstallianse ringer julen inn med en litt annerledes julefortelling.
Teaterregissør Jeff Pedersen skrev i oktober et innlegg i lokalavisen Firda om den lokale kulturjournalistikken:
Men Firda vil ikkje anmelde kunst. De vil anmelde burgarar. Og ikkje berre ein gong. Kvar dag. (…)
Dette inspirerte meg. Eg skal lage eit teaterstykke rett utanfor Nynorskhuset. Eg skal sette opp Hamlet. Men eg skal grille burgarar. Og burgarane spelar alle rollene. Det blir burgardrap, burgarsvik og litt burgarsex. Eg skal bruke ferskt kortreist kjøtt, slik at dei burgarane som spelar rollefigurar og blir servert til publikum blir garantert dei beste i Førde. Det skal heite «Hamburgerlet» og billettinntektene skal gå til Firda sitt kulturbudsjett. Og dette er berre starten – berre vent til vi set opp «Sjå kven som var på handelshuset – the Musical!»
Tirsdag 12. desember frister vi lokalaviser og alle som er interesserte i kulturjournalistikk med BURGARLUNSJ for å diskutere kultur og burgarjournalistiskk. Burgar medbringes selv. Gå til www.firda.no for anbefalinger!
Tekstlunsj – Tekstallianses digitale møteplass
En tirsdag i måneden inviterer vi til en uformell, digital møteplass. Vi starter med en kort innledning om et relevant eller aktuelt tema, og åpner deretter for samtale om temaet eller andre ting man vil snakke om. Møtet starter kl 12, og vi håper det kan fungere som en felleslunsj med kollegaer og aktører i litteraturfeltet fra (hjemme)kontorer og skrivestuer i hele landet. Vi har satt en tidsramme på en time, men dere er velkommen til å delta så lenge det passer i arbeidsdagen.
Man må ikke være medlem av Tekstallianse for å delta på på Tekstlunsj, alle er hjertelig velkommen.
Lenke til Tekstlunsj:
https://us06web.zoom.us/j/84766624571
Her kan du lese heile innleget hans:
Synspunkt, Mediepolitikk | – Eg skal sette opp eit teaterstykke med burgardrap, burgarsvikt og litt burgarsex (firda.no)
Det er framleis ting eg som innvandrar ikkje forstår, sjølv om eg har vore her ei god stund. Kvifor prøver nordmenn å skjære opp ein rund pizza i firkanta bitar? Blir dei ikkje skuffa kvar gong dei oppdagar at det ikkje går? Kvifor trur alle nordmenn at dei kjem frå den fagraste plassen på jord, og så flyttar dei vekk derifrå så fort som mogeleg? Og den tredje er redaksjonen i Firda.
Som opphavleg amerikanar er eg glad i burgarar og ganske kresen. Eg las artikkelen «Kven har den beste oppvarma frosenburgaren i Førde?«. Eg noterte meg at Firda skreiv noko nytt om denne saka nesten kvar dag. I Amerika ville vi aldri ha prøvd å melke burgarar – men det gjer Firda.Det er framleis ting eg som innvandrar ikkje forstår, sjølv om eg har vore her ei god stund. Kvifor prøver nordmenn å skjære opp ein rund pizza i firkanta bitar? Blir dei ikkje skuffa kvar gong dei oppdagar at det ikkje går? Kvifor trur alle nordmenn at dei kjem frå den fagraste plassen på jord, og så flyttar dei vekk derifrå så fort som mogeleg? Og den tredje er redaksjonen i Firda.
Som opphavleg amerikanar er eg glad i burgarar og ganske kresen. Eg las artikkelen «Kven har den beste oppvarma frosenburgaren i Førde?«. Eg noterte meg at Firda skreiv noko nytt om denne saka nesten kvar dag. I Amerika ville vi aldri ha prøvd å melke burgarar – men det gjer Firda.
Det fekk meg til å tenke. Firda har slutta å anmelde kultur. Det er ein kunst å lage kunst her ute i distriktet. Teater som løftar fram lokale historier, målarar som feirar lokal natur, forfattarar som gjer språket om til poesi, alle som inspirerer og som er med på å definere regionen si kulturelle framtid – dei kjempar imot alle odds å få det til. Her ligg det mykje arbeid og mykje økonomisk risiko. Uansett form, viss ein kunstnar har busett seg her, kan du vere sikkert at han eller ho gir hjartet og livet som innsats. Kvart prosjekt, som er med på å utvikle samfunnet, kan ta fleire år å få til. Kvifor er då dette ikkje ein nyheitssak?
Journalisten i burgar-artikkelen var kjapp å påpeike at Firda ikkje er ei reklameavis. Så Firda forstår at å anmelde er ikkje det same som å reklamere – å anmelde handlar om journalistikk. Men dette uttrykket hadde eg høyrt før, ein gong eg blei intervjua av ein journalist i Firda angåande noko anna. På slutten av intervjuet sa eg at eg gjerne ville sjå fleire teater meldingar. Journalisten var heilt einiEr det viktig at vi lagar kunst her? Ja. Elles får Oslo og Netflix bestemme kven vi er, og kulturen vår blir eit langreist, iskaldt kjøttstykke – ein dårleg kopi av amerikansk kultur som vi varmar opp eit par minutt og serverer som vår eigen. Men Firda vil ikkje anmelde kunst. De vil anmelde burgarar. Og ikkje berre ein gong. Kvar dag.
Journalisten i burgar-artikkelen var kjapp å påpeike at Firda ikkje er ei reklameavis. Så Firda forstår at å anmelde er ikkje det same som å reklamere – å anmelde handlar om journalistikk. Men dette uttrykket hadde eg høyrt før, ein gong eg blei intervjua av ein journalist i Firda angåande noko anna. På slutten av intervjuet sa eg at eg gjerne ville sjå fleire teater meldingar. Journalisten var heilt einig.
Ho sa, «Det vil eg gjerne, eg er faktisk teaterutdanna. Eg har lyst til å vere kulturjournalist, men eg får ikkje lov. Det blir kalla ‘gratis reklame’ av leiinga.» Og sidan det, har eg fått same svar frå kvar einaste journalist eg har snakka med i Firda. Det å anmelde kultur er gratis marknadsføring og Firda er ikkje reklameavis.
Dette fekk meg til å tenke på alle bildeseriar av folk utanfor butikkar i Førde, med handelsposar, bedriftslogoar og varer som dei nyleg har kjøpt. «Sjå kven som var på handelshuset!» Dette var nyheitene før burgarkrigen kom. Men Firda er ikkje ei reklameavis.
Dette inspirerte meg. Eg skal lage eit teaterstykke rett utanfor Nynorskhuset. Eg skal sette opp Hamlet. Men eg skal grille burgarar. Og burgarane spelar alle rollene. Det blir burgardrap, burgarsvik og litt burgersex. Eg skal bruke ferskt kortreist kjøtt, slik at dei burgarane som spelar rollefigurar og blir servert til publikum blir garantert dei beste i Førde. Det skal heite «Hamburgerlet» og billettinntektene skal gå til Firda sitt kulturbudsjett. Og dette er berre starten – berre vent til vi set opp «Sjå kven som var på handelshuset – the Musical!»
Å ikkje dekke lokal kunst er ikkje å vere nøytral, det er å aktivt undergrave kultur.
Er det viktig at vi lagar kunst her?
Foto: Faksimile Firda 31.10.23