Bønder i byen – er det mogleg å koma heim?

Jorddøgn-festivalen på Bryne vert spent i gong denne helga, og på Litteraturhuset gjer me eit oppspark med festivalgründerane

Peter Strassegger og Bothild Nordsletten, saman med Jorddøgn-gjest Inger Bråtveit, og spør om det eigentleg er mogleg å koma heim?

Alle tre har dei på forskjellige måtar forsøkt å koma heim til bygda, etter mange år i hovudstaden eller i utlegd, for så å vende nasen heimover, om det anten er til familiegården i Suldal, eller til by-bygda Bryne. 

Kor lett er det eigentleg å koma heim? Er du ein annan, eller ein annan i andres auge? Er horisontane du har vakse opp med kompatible med dei du har med deg heim? Og ikkje minst, kan du skrive om det?

Arrangementet er et samarbeid med Jorddøgn Litteraturfestival og Litteraturhuset i Stavanger.

Bothild Nordsletten, Inger Bråtveit og Peter Strassegger.

Dato

15 okt 2026

Tid

19:00 - 20:30

Sted

Litteraturhuset i Stavanger
Johannes’ gate 21, 4014 Stavanger

Arrangør

Litteraturhuset i Stavanger
Nettsted
https://www.litthusstvg.no/

Andre Arrangører

Jorddøgn
Jorddøgn
Nettsted
https://www.jorddogn.no/
Tekstallianse
E-post
kontakt@tekstallianse.org