Bergen: Kurs i å leie litterære samtalar med Helga Flatland og Mikkel Bugge
Bergen offentlige bibliotek
Måndag 16. oktober kl 16-19
I samarbeid med Bergen offentlige bibliotek
Helga Flatland vert rekna som ein av våre fremste unge, norske forfattarar. Ho når eit stort lesande publikum med måtane ho skildrar menneskelege prosessar som tilknyting og brot, sorg og lengsel, og har delteke i ei rekke samtalar og forfattarmøte om slike tema. Saman med Mikkel Bugge vil ho dele erfaringar frå slike samtalar og gi tips til korleis ein kan lykkast i sjangeren. Mikkel Bugge er forfattar, dramatikar og ein svært omtykt og etterspurt moderator for litterære scenesamtalar.
Kurset vil vere i tre delar. Første del er ein samtale med Mikkel og Helga om deira erfaringar med bokbad, forfattarmøter og litterære samtalar. Dei vil mellom anna snakke om korleis ein førebur seg, kva som er gode spørsmål og korleis ein strukturerer ein tematisk samtale frå introduksjon til avrunding. Deretter opnar dei for spørsmål før dei blir ei pause. Del to er ein workshop der kursleiarane og deltakarane prøver ut dei metodane som har blitt presentert i del ein. Deltakarane testar mellom anna ut introduksjonar, korleis ein kan halde samtalen på rett spor og korleis ein kan avslutte. I tredje og siste bolk vert kurset oppsummert.
Arrangementet har avgrensa med plassar, send påmelding til janne.karin@tekstallianse.org
Foto: Agnete Brun (Helga Flatland), Fartein Rudjord (Mikkel Bugge)