Arrangørsamling på Litteratursymposiet

Tekstallianse og Litteratursymposieti Odda inviterer til arrangørsamling på Litteratursymposiet i Odda fredag 4. oktober kl. 12.00–14.00.

Regjeringa sin leselyststrategi som kom før sommaren, har nokre klare avgrensingar. Han seier ingenting om korleis vi skal skape leselyst hos vaksne. Dei mange festivalane, litteraturhusa, arrangørane og bokhandlarane over heile landet som gjer ein enorm innsats for å formidle litteratur til leseglade i alle aldrar, er knapt nemnde.

Under Litteratursymposiet inviterer vi små og store arrangørar til ei samling der vi følgjer opp leselyststrategien med ein felles samtale om korleis han ser ut frå dei regionale arrangørane sin ståstad.

Det blir korte «best practice»-innlegg frå nokre av arrangørane. Deretter inviterer vi alle til å bidra i diskusjonen om følgjande:

  • Kjenner de som arrangørar dykk trefte eller gløymde av leselyststrategien?
  • Kva hadde de som arrangørar ønska dykk av ein lesestrategi?

Stad: Sentralbadet litteraturhus, Den blå sal.

Ta kontakt med anne@tekstallianse.org hvis du ynskjer å melda deg på.

Dato

04 okt 2024
Utløpt!

Tid

12:00 - 14:00

Sted

Sentralbadet litteraturhus
Sentralbadet litteraturhus

Arrangør

Tekstallianse
E-post
kontakt@tekstallianse.org

Andre Arrangører

Litteratursymposiet i Odda