Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette event har allerede funnet sted.

Webinar: LUTT litteratur – skriv og fortel!

9. april kl. 10:0015:00

Inspirasjonsdag med foredrag og verkstadar om skjønnlitterær skriving, sakprosa, forteljande journalistikk og fotojournalistikk. Programmet vert gjennomført som eit webinar på grunn av restriksjoner knytt til smittevern.
PROGRAM:
Ane Barmen: Våg å skrive!
Om idèarbeid, skriveprosess og gleda over å fortelje fram det store i det små. Ane Barmen reflekterer også korleis kvardagen som skrivande krev uthald, mot og kraft til å tåle at teksten er god nok når den er grei nok og kanskje aldri blir heilt prefekt.
Anna Kleiva: Alt du kan gjere i reiseskildringa.
Boka «Echo Mountain – Forteljingar frå Los Angeles» er ein leik med sjangrar i form av eit reisebrev. Anna Kleiva peikar på inspirerande variasjonar av reiseskildringa i sitt innlegg.
Line Hårklau: Ei historie i kvart sekund: Å fortelje med foto.
Skriveverkstad med utgangspunkt i eit utval av fotojournalist Line Hårklau sine fotografi.
Katrine Sele: Ta grep om forteljinga.
Katrine Sele, prislønt journalist og sakprosa-forfattar, deler sine beste tips til korleis du kan ta grep om forteljinga du vil formidle, og korleis di rolle som forteljar kan vere ein nøkkel.
Arve Uglum: Den gode forteljinga – ein sognamåte.
– Om du har ei god forteljing, så treng du ikkje å dra på. Det held å bruka forteljinga sine eigne premiss. Du kan vera nedpå og du treng ikkje bruka eit veldig blomstrande språk. Det lærde eg i Firda, tok det med meg i åra i NRK og prøver å leva etter det her i Sogn Avis. Men dette er ikkje berre min metode, eg trur det er ein sognamåte. Tusen takk for prisen, sa Arve Uglum i takketala då han nyleg mottok Kringkastingsprisen. Desse perspektiva utdjupar han i foredraget sitt.
Arrangementet er et samarbeid mellom Rom for Ord, Førdehuset og Tekstallianse.

Detaljer

Dato:
9. april
Tid
10:00 – 15:00
Kategori for Arrangement:

Sted

Zoom
Zoom