Skrivekurs med Cecilie Løveid på Hardangerfjorden

Bli med på skriveseglas innover Hardangerfjorden med Cecilie Løveid! Tekstallianse og Litteraturbåten Epos inviterer til skrivekurs med Cecilie Løveid på ein nydeleg skriveseglas frå Norheimsund til Odda og Litteratursymposiet. Cecilie […]

Skrivekurs med Cecilie Løveid på Hardangerfjorden

Bli med på skriveseglas innover Hardangerfjorden med Cecilie Løveid!

Tekstallianse og Litteraturbåten Epos inviterer til skrivekurs med Cecilie Løveid på ein nydeleg skriveseglas frå Norheimsund til Odda og Litteratursymposiet.

Cecilie Løveid held skrivekurs i dikt/korttekst på vegen inn fjorden, Litteraturbåten Epos går roleg frå Norheimsund til Odda til opninga av Litteratursymposiet der. Ein seglas og eit skrivekurs på omlag fire timar.

Dette er ei unik oppleving med få plassar, send ein kort tekst om deg sjølv og motivasjonen din for kurset, samt tre setningar/strofer eller linjer frå din eigen poetiske praksis til  kontakt@tekstallianse.org innan 22. september.

Dei som får plass får snarast råd beskjed.

Cecilie Løveid bur i Bergen, og er blant dei fremste lyrikarane i Noreg, For den siste diktsamlinga si, Vandreutstillinger, fekk ho både Brageprisen og Kritikerprisen. Ho har gitt ut bøker innan ei rekke sjangrar sidan debuten med romanen Most i 1971.

Men Løveid er også kjent for sine fantastiske skrivekurs, og har vore lærar ved Skrivekunstakademiet.

Praktisk info:
Epos legg frå kai i Norheimsund klokka 11:30. Det går buss frå Bergen busstasjon 09:55 som er framme i tide.

Me vil råde alle til å ta seg ein dag eller tre på Litteratursymposiet i Odda, og det går dagleg bussar mellom dei to byane. Meir informasjon om festivalen: www.litteratursymposiet.no

Det går også buss tilbake til Bergen onsdag ettermiddag om ein ynskjer det.

Pris:
Gratis deltaking på skrivekurset. Transport til og frå Norheimsund/Odda må ein dekke sjølv.