Om kulturjournalistikk i lokal- og regionalpressa

Journalistar er ikkje til for å skape god stemning, sa Jens Kihl i eit intervju i Aftenposten då han tok til i stillinga som kultur-redaktør i Bergens Tidende, og utdjupa. – Kulturen har stor makt i liva våre. Vi skal drive journalistikk rundt aktørane i kulturlivet og pirke i strukturane. I kulturlivet er det periferien som er motkulturen, eg ser på Bergens Tidende som ei motkulturell avis.

Torsdag 3. november inviterer Tekstallianse til lunsjforedrag med Jens Kihl om vilkåra for god kulturjournalistikk i lokalpressa på Nynorsk avissenter i Førde kl 12. Arrangementet er i samarbeid med avissenteret og redaksjonen i avisa Firda. Om kulturstoffet ikkje blir lese, blir det heller ikkje skrive. Korleis skrive kultursaker som gir fleire klikk? Dette er utfordringa senterleiar Ingunn Osland har gitt Jens Kihl for lunsjforedraget i Førde. Kaffi og kanelbollar på huset.

Foto: Bård Bøe, Samlaget

Dato

03 nov 2022
Utløpt!

Tid

12:00 - 13:00

Sted

Nynorsk avissenter
Nynorsk avissenter