Kulturelt mangfald for fellesskap i skulen

Sommaren 2021 arrangerte Northing og Tekstallianse saman med ei rekke lokale aktørar Aust-asiatisk kulturveke på Møhlenpris oppveksttun. Førti barn frå seksten ulike skular i Bergen deltok. Prosjektet var inspirert av den internasjonale kampanjen Stop Asian Hate, og hadde som mål å bygge kunnskap om, forståing av og kjærleik til den austasiatiske kulturen.

Foto: Dale Rothenberg

Med utgangspunkt i dette prosjektet spør vi: Korleis kan skulen bidra til kunnskap om og respekt for ulike kulturar og menneske, og kva rolle kan litteraturaktørar og det utøvande kulturfeltet spele i arbeidet?

Med Ben Yu (Northing), Anna Svingen-Austestad (førsteamanuensis i kunstfagpedagogikk ved KMD), Eduardo Andersen (Byråd for kultur, frivillighet og inkludering i Bergen kommune), samtaleleiar Leïla Rezzouk (Papillon)

Programmet er eit samarbeid med Bergen Internasjonale Litteraturfestival.

Dato

10 feb 2023
Utløpt!

Tid

14:00 - 14:45

Sted

Litteraturhuset i Bergen
Østre Skostredet 5-7 5017 Bergen
Nettsted
https://www.litthusbergen.no