Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette event har allerede funnet sted.

Søknadsbonanza S&Fj: Korleis skrive den gode søknaden?

10. oktober kl. 15:0019:00

Anten du er kunstnar, forfattar eller musikar, om du er produsent, arrangør eller frivillig engasjert i kulturlivet der du bur: Ein ting lyt du lære deg; Å kunne skrive ein god søknad.

Denne laurdagen inviterer Tekstallianse til kurs i søknads-skriving i samarbeid med Jakob Sande – senter og klyngje for forteljekunst i Klokkargarden i Dale.

Frå Ålesund kjem ein av våre tyngst prislønte og framståande forfattarar, Marit Kaldhol. Foredraget hennar er basert på eigne erfaringar både med å skrive søknader om kunstnarstipend sjølv, men også frå arbeid med å vurdere, avvise eller tilrå slike søknader i dei åra ho sjølv har sete i stipendkomiteane.

Kvifor skal du skrive ein søknad om stipend? Kva skal du skrive? Korleis? Kaldhol sine råd er verkeleg verdt å lytte til.

Til Dale kjem også dagleg leiar i Tekstallianse, Inga Moen Danielsen. I innlegget «Søknadsbonanza» gir ho eit breitt oversyn i dei tilgjengelege støtteordningane for litteratur- og kulturlivet i vår region. Vidare kjem ho inn på korleis ein best disponerer denne typen tekstar, korleis ein set opp eit budsjett, kva vedlegg som bør vere med og liknande konkrete og handfaste tips til dei ulike ordningane.

I floren i Jakob Sande-løa vert det servert suppe frå kl 15.00. Kurset startar kl 16.00 med ei pause, kaffi og bakverk frå Lisa i Li sitt bakeri og konditori kl 17.30. Vi reknar med å avslutte kl 19.00.

Kurset er gratis. Påmelding til kontakt@tekstallianse.org

Registrer deg her for gratis medlemskap i Tekstallianse.

Suppe og kaffimat er for salg i løa i tunet.

Foto:
Marit Kaldhol: Ottar André Anderson
Inga Moen Danielsen: Yilei Wang

Detaljer

Dato:
10. oktober
Tid
15:00 – 19:00
Kategori for Arrangement:

Sted

Jakob Sande-tunet
Jakob Sande-tunet
Fjaler, Norge