Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette event har allerede funnet sted.

#ikkjeetterboka

8. oktober kl. 14:0015:00

Seksuell trakassering i bokbransjen: No kan ein berre halde på, utan sanksjonar,
skreiv Agnes Ravatn i Aftenposten i 2020.

På Litteratursymposiet i Odda med temaet ATTRÅ, inviterer Tekstallianse til ein samtale som skal utforske formelle og subjektivt opplevde grenser mellom overgrep, seksuell trakassering, vulgaritet og flørt, og reaksjonar på dette.

Forfattar og forleggar Nils-Øivind Haagensen skriv i si nye bok Sangria i parken om dynamikken innad i guttegjengen, om den ofte stilltiande aksepten menn i mellom når det kjem til korleis dei ser på, snakkar om og behandlar kvinner, og om kva som skjer når nokon seier frå om noko som ikkje er greit.

Psykolog Fanny Duckert gjev i haust ut Flørt! Om blikk, berøring og øyeblikkets kjemi saman med filosof Øyvind Kvalnes. I ein artikkel om boka har dei skrive at avsløringene av vulgær og uakseptabel seksuell adferd må ikke få oss til å skru av sjarmen.

Journalist Jens Kihl spurde for eit par år sidan i ein artikkel i Bergens Tidende med overskrifta Er det berre eg som er prippen? om det trengs eit metoo-oppgjer for homofile. Han avsluttar kommentaren med at svaret på spørsmålet er nei. Men eg krev å få setje grensene mine sjølv.

Med utgangspunkt i eigne bøker, vil Nils-Øivind Haagensen og Fanny Duckert i samtale med Jens Kihl freiste synleggjere og diskutere nokre vurderingar vi står overfor i møte med desse tema, og korleis grensene i private og profesjonelle relasjonar vert prega av individuelle og sosiale forhold.

Tekstallianse er eit regionalt nettverk for litteraturfeltet på Vestlandet som det siste året har engasjert seg i arbeidet knytt til #metoo i bokbransjen. Ein samla bransje gjennomførte i vinter ei kartlegging i feltet, og det vert arbeidd med å etablere felles rutinar og ei varslingsteneste for seksuell trakassering. Tekstallianse tok initiativ til oppropet #ikkjeetterboka.

Gratis inngang, registrering her:
https://forms.gle/mx3GueDmxdo4rYTZ8

Foto:
Jens Kihl: Bård Bøe, Samlaget
Nils-Øivind Haagensen: Baard Henriksen, Forlaget Oktober
Fanny Duckert: Julie Pike

Detaljer

Dato:
8. oktober
Tid
14:00 – 15:00
Kategorier for Arrangement:
,

Sted

Sentralbadet Litteraturhus
Sentralbadet Litteraturhus
Odda, Norge