Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette event har allerede funnet sted.

Eit attråverdig forfattarskap?

8. oktober kl. 12:0013:00

Henning Bergsvåg gav ut diktsamlinga Dette er ikke et stille sted i mars 2020 leste ikkje mindre enn 61 forfattarar heile boka frå heimekarantene. Ho blei trykt i heile tre opplag og fekk omtalar, intervju og førehandsomtale i fleire aviser. Forfattaren publiserte óg eit intervju med seg sjølv i anledning utgjevinga på si eiga heimeside.

I tillegg til å vere ein forfattar som utleverer seg sjølv og er aktiv i sosiale medium, har Bergsvåg i fleire tiår bidrege til utviklinga av feltet, med litterær aktivisme som mellom anna har ført til programserien Poesidigg, som det siste året har vist evne til å tilpassa seg utviklinga og dei naudsynte endringane som pandemien førte med seg.

Har Henning sin aktive, synlege og tilgjengelege person bidrege til å gjere forfattarskapen hans meir attråverdig? Har eigeprofileringa og det konstante arbeidet med å løfta andre forfattarar hatt ein kostnad, og er det verdt det? Kva rolle speler forlaget? Kan det óg ha motsatt effekt, at støyen overdøver sjølve verket?

På årets Litteratursymposiet i Odda med tema ATTRÅ inviterer Tekstallianse til ein samtale kor Henning deler og reflekterer rundt nokre av sine erfaringar ved profilbygging knytt til eige forfattarskap, og gjev tips til ulike strategiar knytte til eigepromotering. Først og fremst ynskjer vi forfattarar og andre aktørar i litteraturfeltet velkomne med ynskje om at dette kan bli eit forum for å snakke saman om eige promoteringsarbeid.

Gratis inngang, registrering her:
https://forms.gle/VXjRHQHj5bE7rwr77

Foto: Petronelle Halvorsen

Detaljer

Dato:
8. oktober
Tid
12:00 – 13:00
Kategori for Arrangement:

Sted

Sentralbadet Litteraturhus
Sentralbadet Litteraturhus
Odda, Norge