Boka til verda

Mange er nysgjerrige på kva det inneber at Noreg er gjesteland under verdas største bokmesse i Frankfurt i oktober 2019. Kva utsikter byr gjestelandsordninga på for Noreg og norsk litteratur, for Vestlandet og vestlandsk litteratur? Korleis arbeider Norla med program og satsingar? Er det noko i påstandane om at dette mest av alt er ein kjempedyr forlagsfest?

Prosjektleiar Halldór Gudmundsson frå Norla kjem for å gje oss eit innblikk i visjonar og målsetjingar. Den som skal sørgje for at dei relevante spørsmåla blir stilt er Vagant-redaktør og forleggjar Audun Lindholm. Spørsmål og innspel kan sendast inn på førehand til for@litthusbergen.no.

Arrangementa er ein del av programrekka For-. Les meir på www.litthusbergen.no.

Gratis

Dato

13 feb 2019
Utløpt!

Tid

16:00 - 18:00

Sted

Litteraturhuset i Bergen
Østre Skostredet 5-7 5017 Bergen
Nettsted
https://www.litthusbergen.no