Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

Bergen: Eit attråverdig forfattarskap?

11. november kl. 17:3019:00

Henning Bergsvåg gav ut diktsamlinga Dette er ikke et stille sted i mars 2020 leste ikkje mindre enn 61 forfattarar heile boka frå heimekarantene. Ho blei trykt i heile tre opplag og fekk omtalar, intervju og førehandsomtale i fleire aviser. Forfattaren publiserte óg eit intervju med seg sjølv i anledning utgjevinga på si eiga heimeside.

I tillegg til å vere ein forfattar som utleverer seg sjølv og er aktiv i sosiale medium, har Bergsvåg i fleire tiår bidrege til utviklinga av feltet, med litterær aktivisme som mellom anna har ført til programserien Poesidigg, som det siste året har vist evne til å tilpassa seg utviklinga og dei naudsynte endringane som pandemien førte med seg.

Har Henning sin aktive, synlege og tilgjengelege person bidrege til å gjere forfattarskapen hans meir attråverdig? Har eigeprofileringa og det konstante arbeidet med å løfta andre forfattarar hatt ein kostnad, og er det verdt det? Kva rolle speler forlaget? Kan det óg ha motsatt effekt, at støyen overdøver sjølve verket?

På årets Litteratursymposiet i Odda med tema ATTRÅ inviterte Tekstallianse til ein samtale kor Henning delte og reflekterte rundt nokre av sine erfaringar ved profilbygging knytt til eige forfattarskap, og gav tips til ulike strategiar knytte til eigenpromotering. Arrangementet var så vellukka at vi gjentek det i Bergen!
Først og fremst ynskjer vi forfattarar og andre aktørar i litteraturfeltet velkomne med ynskje om at dette kan bli eit forum for å snakke saman om eige promoteringsarbeid.
Avgrensa plassar tilgjengeleg.
Gratis inngong, registrering her:
https://forms.gle/VQkuH2n3h3mtmpEX7

Foto: Petronelle Halvorsen

Detaljer

Dato:
11. november
Tid
17:30 – 19:00
Kategori for Arrangement:

Sted

Kulturhuset i Bergen
Kulturhuset i Bergen
Bergen, Norge