Jorddøgn er en jærsk litteraturfestival om jord og jordbruk, som i år vert arrangert 16.-18. oktober på Bryne. Denne månaden har vi snakka med festivalsjefen om korleis det er å leve og lage festival på Jæren.

Kven er du?
Inger Størseth Haarr.
Kor bur du?
På Storhaug i Stavanger. Flytter til Klepp stasjon i november.
Kva arbeider du med om dagen?
Eg jobber på polet på Sandnes, og så er eg festivalsjef for Jorddøgn litteraturfestival.
Det er berre nokre få dagar igjen til årets festival. Programmet er lansert og på ein måte er mykje av jobben gjort. Det som gjenstår er marknadsføring og pressearbeid.
Det er veldig spennande å lage festival. Jorddøgn vert liksom til på ny kvart år. Ting oppstår i mellomrommet mellom festivalane, møta, samtalane, og så utvikler det seg, veks og endrar seg, og til slutt vert det som det vert.
I år er handarbeid og handverk overordna tema for festivalen. Me laga oss eit hårete mål: Me vil gjerne selge ut ein heil kinosal til føredraget om Craft psykologi med den danske psykologi-stjerna Anne Kirketærp. Det er spennande.
På fritida har eg nettopp begynt strikke-sesongen igjen. Og! Eg har fått meg ein vev. Ein finsk Karelia-vev som tek halve stova. Eg kan ikkje lage renning, men eg er medlem i husflidslaget og kan heldigvis få hjelp av damene der.
Kva er den raude tråden i verksemda di?
Eg er ikkje ein skrivande, men Jorddøgn kjennest som kreativt, skapande arbeid.
Noko heng saman med jord, og med kvalitet. Eller skikkeligheit, kanskje, eg vil at ting skal vere skikkelege. Eg vil at folk skal få auge på at jorda, naturen, alt det som lever rundt oss er vakkert og viktig. Og at me må vere skikkelege i møte med det.
Noko av det beste med å bu på Storhaug er at eg har ti minutt å gå til Ramsvik, der eg kan sleppe kroppen min ned i heilt ekte saltvatn. No om hausten er vatnet enno klarare enn om sommaren, tangen meir lysande. Eg kan sjå over til Hommersåk, og eg begynner alltid å tenkje på vikingar av den utsikten. At det har budd folk her så lenge. Å bade sånn hjelper mot veldig mykje forskjellig, og nokre gonger gjer det meg heilt roleg og open og glad.
Kva leseoppleving har gjort inntrykk på deg den siste tida, og kvifor?
Amina Cain, Hest om natta, er det det den heiter? Eg forstår den ikkje, men den er veldig fin å lese. Det er nesten så ho får meg til å føle at det er ok å ikkje forstå. At det kanskje nesten er poenget.
Og så held eg på med Jakobsbøkene av Olga Tokarczuk. Det er ei fantastisk verd å vere i. Så rik! Eg har ikkje oversikt i det heile, men fytti så levande det er!
Kva er det beste med staden og miljøet der du bur?
Me har kjøpt eit hus ved Klepp stasjon. Det nye huset er kjempefint, ligg i ein skråning, framfor huset er det ope. Ein ser Tine-fabrikken. Jøers kjøkken ligg der nede. Over det er himmelen. Bak ligg skråningar på vegen til Bryne, det er kanskje Tu-bakken? Eg kjem til å verte kjend i eit nytt landskap. Frøylandsvatnet ligg der, skal eg begynne å jogge i staden for å symje? Det vert langt til Gamlingen no. Kanskje eg kan vintersymje i Frøylandsvatnet? Det må gå an.
Eg får lønn og kjøper endeleg garn. Begynner på ein genser i eit mønster eg allereie har brukt, garnet er i ein raud, gammalrosa farge, det er tynn Peer Gynt, norsk. Den vert fin, kanskje? Garnet fungerer i alle fall godt. I det nye huset er det ein låg, rund, vedfyrt ovn i eit betongrom i kjellaren, plass til ein kjempestor kjele, eg fekk med ein fin sinkbalje med salet, og Torvald, som er økologisk sauebonde og med i programrådet til Jorddøgn, har ein sekk med ull til meg. Eg får eit eige rom til veven min.
Kva saknar du i det lokale skrive/fagmiljøet ditt?
For Jorddøgn savner eg pengar. Å vite at me får løn for jobben me gjer.
Me er uavhengige, med støtte frå Kulturdirektoratet, fylkeskommunen, Fritt ord, Jæren sparebank. Fridomen me har er eit stort pluss, men me får ikkje skikkeleg betalt for jobben me gjer.
På Undheim byggjer dei datasenter. Dei skal bygge generell superintelligens, dei treng meir jord, meir vatn.
Eg savner den ekte verda. Eg forstår ikkje kvifor alle kaller det «intelligens».
Fordi me vil sleppe å ta ansvar? Fordi me ikkje vil godta at ansvaret er vårt? Fordi det er lettare å vente på eit svar frå ein kjempestor kalkulator?
Eg trur eg savner meir kjensler. Ikkje dei små, forsiktige; Nei, dei store, skremmande.
Eg savner at me greier å ta inn over oss korleis verda er. Kor mykje vakkert som er truga, som vert øydelagt. Kor viktige me faktisk er i det. Kor viktig det er for dei øydeleggjande kreftene at me held fram med å gå med på at dei får lov til å halde fram. Og kor mykje makt me eigentleg har.
Eg trur me må kjenne på ein del store kjensler hvis me verkeleg vil ta inn over oss korleis verda er.
Eg vil vere aktiv. Slåst for det eg trur på. Ikkje vente på krigen, men forsvare det eg trur på no, i denne såkalla fredstida. Eg vil slåst mot datasenter, utbyggarar, hyperkapitalen. Krigen. Eg får det ikkje til, det er skamfullt, men eg prøver å finne ein måte å gjere det på.
Men det er eit godt og viktig spørsmål å stille seg sjølv og kvarandre: Kva savner du for å kunne bruke makta di? Kva treng du? Det kan høyrast egoistisk ut, men eg trur det er viktig å vere opptatt av kva me sjølv treng, fordi me må vere oss sjølve. Det er ingen enkel jobb.
Påverkar det å vere basert på Vestlandet arbeidet ditt, og i så fall korleis?
Ja. Hundre prosent. Eg veit eigentleg ikkje kva meir eg skal svare på det. Sjå over. Vind og hav og gras, sånne ting.
Kva for ein kollega i litteratur- eller kunstfeltet på Vestlandet drøymer du om å samarbeide med?
Eg drøymer om å lage eit arrangement i hytta som Åse-Marie Nesse hadde på Sele. Klepp kommune kjøpte den nettopp (ei positiv overrasking, shout out til Klepp kommune!). Eg har lyst til å lage eit arrangement der om dei evige temaa: Havet, kjærleiken. Ein sånn type arrangement som snakkar om Homer og Rainer Maria Rilke. Eg las nettopp ferdig den gode biografien til Elisabeth Vallevik Engelstad om Åse-Marie Nesse, og anbefaler den!
Programmet til Jorddøgn litteraturfestival finn du her: Jorddøgn
Les også andre intervju i serien: Håvard Parr // Ramona Sărac // Gunvor Rasmussen
Har du forslag til kven vi bør snakke med i spalten Månadens medlem, eller har du sjølv lyst til å fortelje om arbeidet ditt her? Send gjerne tips til kontakt@tekstallianse.org.