Månadens medlem i september: Håvard Klyve Parr

I september har vi snakka med ein som arbeider med forteljekunst innanfor fleire sjangrar og uttrykk, og som har eit skarpt auge for gode historier, komikk og eksistensielt alvor. Her kan du lese meir om månadens medlem, Håvard Klyve Parr.

Foto: Guro Parr Klyve

Kven er du?

Eg er forfattar, filmskapar, redaktør, historisk konsulent eller firebarnspappa. Ein av desse, eller ei blanding av dei, alt etter kva dag du treff meg.

Kor bur du?

Eg bur på Minde i Bergen, men kjem opphaveleg frå bygda Fiskå heilt sør på Sunnmøre.

Kva arbeider du med om dagen?

Som kulturell mangesyslar, så er det fleire ulike ting. Eg har eit NFFO-stipend for å skrive ei bok om kulturhistoria kring Stad skipstunnel. Det er det største prosjektet eg jobbar med denne hausten. Som dagleg leiar i Historikarverksemda, gjer eg også historisk konsulentarbeid. Nett no utarbeider eg og min gode kollega Silje Een de Amoriza ein større kulturmiljødokumentasjon for ein utbyggar i Bergen. Så har eg to frilansartiklar eg skriv på. Den eine er eit bokessay for tidsskriftet Jaja om korleis bygda vert portrettert i samtidslitteraturen. Den andre ein djupneartikkel om Kielland-ulukka for tidsskriftet AKSESS. Spørsmåla kring ulukka har eg ikkje klart å legge bort etter eg var med å lage dokumentarserien Katastrofen Kielland for nokre år sidan.

Kva er den raude tråden i verksemda di?

Det må vere historieforteljing – og ofte då forankra i fortida på ein eller annan måte. Eg er utdanna historikar og mykje av det eg jobbar med handlar anten om å forstå eller å problematisere historie.

Kva leseoppleving har gjort inntrykk på deg den siste tida, og kvifor?

Rett før sommaren las eg den fine utgjevinga Vi skulle fortalt hverandre alt av Judith Hermann. Boka er eit resultat av ei førelesning Hermann skulle halde ved Goethe-universitetet i Frankfurt i 2022, der oppgåva var å fortelle om forfattargjerninga bak tekstane sine. Boka er mykje meir og rikare enn svaret ein kan vente på ei slik oppgåve – den er historia om, og historier frå, livet hennar – ein lang refleksjon over korleis denne knyt seg til fiksjonsuniversa ho har skrive ut. Eg er svak for slike tekstar som ligg i skjeringsfeltet mellom røyndom og fiksjon.

Kva er det beste med staden og miljøet der du bur?

Bergen er ein akkurat passe stor by, og ettersom den er trykt ned i denne gryta mellom fjella, så er naturen veldig tett på. Som bygdegut i byen er det ei gåve å kunne gå rett ut i skogen og fjellet. Det er også ein by der det skjer spanande ting innanfor dei felta eg har jobba; dokumentarfilm og tekstarbeid av ulikt slag.

Kva saknar du i det lokale skrive/fagmiljøet ditt?

Eg saknar ikkje så mykje, men er ikkje alltid like flink til å gjere meg nytte av dei mogelegheitene som ligg i dei mange flinke menneska her i byen. Som firebarnsfar er det mykje logistikk i kvardagen, og skrivearbeidet verte ofte gjort i intense timar på heimekontoret. I det litt større biletet er det fleire utviklingstrekk som uroar meg. Det er tøffe tider for produksjon av dokumentarfilm – livet vert utvilsomt både tomt og fattig om vi alle endar med å konsumere realitydrivne kjendisprogram sju dagar i veka. Småforlaga og den breiare litterære offentlegheita har også tronge kår. Eg er ein varm tilhengar ev ei offentlegheit med rom og mangfald og der det finst midlar til å utvikle kulturutrykk og journalistikk som krev både tid og ressursar.

«Eg er svak for slike tekstar som ligg i skjeringsfeltet mellom røyndom og fiksjon.»

Påverkar det å vere basert på Vestlandet arbeidet ditt, og i så fall korleis?

Vestlandet er ein geografisk stad, men det er kanskje like mykje identitet og lynne. Dei fleste prosjekta eg jobbar med har forankringa si her i vest, og langs kysten ligg det eit mangfald av historier i no- og fortid, som er eit veldig godt tilfang.

Kva for ein kollega i litteratur- eller kunstfeltet på Vestlandet drøymer du om å samarbeide med?

Korleis svarer ein på dette utan å verte skjerr i blikket? Altså. Fotografia til Helge Skodvin har noko ved seg som gir meg eit smil om munnen, så det hadde vore stas. Elles så har dei dyktige folka i filmselskapet Aldeles vist at det går an å lage film med utgangspunkt i arkiv- og historie som rører noko i oss. Så produsent Elisabeth Kleppe vågar eg meg også til å sette opp her.

Tekstane til Håvard kan du mellom anna lese i tidsskrifta Syn og Segn, Aksess, Jaja, Museum og Prosa.

Les også intervjuet med månadens medlem i august: Ramona Sărac

Har du forslag til kven vi bør snakke med i spalten månadens medlem, eller har du sjølv lyst til å fortelje om arbeidet ditt her? Send gjerne tips til kontakt@tekstallianse.org.