- Vil du møte andre som skriv og utvikle di stemme på norsk?
- Har du forteljingar eller erfaringar å dele, men treng råd og inspirasjon for å finne ei litterær stemme i det norske språket?
Bli med på gratis skriveverkstad for nye stemmer!
Kursdatoar:
13. august kl. 17-20: Kurs med dramatikar E.V. Crowe: Perfekt norsk? Dårleg norsk? Kva om KVA du vil seie er viktigare enn KORLEIS du seier det?
14. august kl. 10-12: Kurs med artist og forteljar Sarah Camille Osmundsen: Språk og poesi.
Dato for digital og fysisk samling i oktober/november kjem.
Send ein kort søknad til anne@tekstallianse.org med nokre setningar om deg sjølv, og kva du ynskjer å få ut av kurset innan 1. august.
Her finn meir informasjon: Skriveverkstad for deg som har norsk som andrespråk
Dette er andre utgåve av skriveverkstad for nye stemmer, som vi arrangerte i Stavanger i 2025-26. Kurset hadde ti deltakarar frå ei rekke ulike land, med bakgrunn frå skjønnlitteratur, journalistikk og akademia. Verkstaden har ført til at fleire deltakarar har fått omstett tekstar, gått i gang med manus på norsk eller skal få publisert ein tekst i eit norsk tidsskrift.
Vi gler oss til å møte nye deltakarar! Lurar du på noko? Send ein e-post til anne@tekstallianse.org
Arr.: Tekstallianse og Jakob Sande – senter for forteljekunst. Kurset er støtta av Kulturrådet.
Foto: Trine Hexum Arvesen
